Myrkleik - Familiefestival
Bli med på haustens kjekkaste familiefestival. Alexander Read frå TV-serien "Mina og meg" kjem, og i tillegg er det sjølvsagt morosame uteaktivitetar for heile familien som står på programmet.
Gjer dykk klare til ei innhaldsrik helg med kjekke og varierte aktivitetar som heile familien kan gjera i lag.
Programmet er stapfullt med mykje leik og moro, blant anna grilling av pinnebrød, kurs i bruk av kart og kompass, fyrstehjelp, kajakkpadling og kos, samt konkurransar i orientering, frisbeegolf og på naturstien. Ikkje minst kjem Bornas Turlag og lagar kjekke aktivitetar.
Alexander Read, kjent frå den populære TV-serien "Mina og meg" kjem og tek oss med inn i jakten på turmagien med eit inspirerande føredrag.
◾️Dato: 10. - 11. september
◾️Oppmøtestad: Myrkdalen Hotel. Kle dykk etter vêret.