cbis:1981938

Njardarheimr - Gudvangen

Reis tusen år tilbake i tid og opplev korleis det var å vera viking. I vikingbyen Njardarheimr, får du oppleve eit ekte vikingsamfunn med ekte vikingar som lever nesten som i vikingtida heile året.
Ved å rusle rundt i byen får du læra om korleis vikingane levde, byggeskikk , religion, mat og handverk.

Å samlast til fest og gode måltid var viktig også for vikingane. I "Heidrun" kan du få smake mat laga på gamle metodar av råvarer som vart tilgjengeleg for 1000 år sidan. Kokegrop, røyking, salting og fermentering er metodar som vert brukt, og ingrediensane kan vera både kjøt, fisk, byggryn og ulike grønsaker. Alt krydra med urter ein kunne finna i naturen.

For å få best utbytte av besøket anbefaler vi at du blir med på «The Viking Experience», som er ein guida rundtur i byen.
I løpet av 45 minutt får du ei spanande innføring i livet som viking. Turane går ofte og er inkludert i inngangsbilletten.

Kontaktinformasjon

Map