cbis:2054821
cbis:2054821
cbis:2054821
cbis:2054821
cbis:2054821

Oksenhalvøya på langs, topptur Voss/Hardanger

Utforsk Oksenhalvøya med lokalkjent guide.
www.hardangerguide.no

Turen over Oksenhalvøya starter i Ulvik og går over Midtfjell, Ingebjørgnuten og Oksen. Frå Oksenhalvøya har ein storslått panoramautsikt over heile Hardanger og utsikt over fire fjordarmar - Samlafjorden, Sørfjorden, Eidfjorden, Granvinsfjorden og til fjellområda på Voss og i Hardanger. Er det klarvær kan ein sjå både Folgefonna og Hardangervidda med Hardangerjøkulen sin unike formasjon. Dette er ein av dei mest spektakulære toppturane i Hardanger med tanke på panorama fjordutsikt og eventyrleg skikøyring - om vær og føre tillet det.

Praktisk info og sikkerheit
• På turar i bratt terreng er det påkrevd med skredsøkar, søkestang og spade.
• I god tid før avreise sender me deg ei utstyrsliste og all praktisk informasjon.

Utstyr
• Skisekk med gode fester til å bære ski på sekken, og fleire rom til div utstyr, mat, drikke etc.
• Randonèe (toppturski/telemarkski), skisko og staver
• Skihjelm
• Skarejern (valgfritt)
• Skifeller (sjå over at fellene har god lim og dekker ut til stålkanten)
• Skredsøker, spade og søkestang (sjekk batteri)
• Repsett (i tilfelle bindingen eller noko ryker)
• 30-40L sekk
• Solbriller
• Goggles / skibriller
• Termos med varm drikke og matpakke

Bekledning
• isolerende undertøy (ull)
• ekstra skift ull-undertøy.
• ekstra lue, hansker/votter
• isolerende mellomlag (ull / fleece)
• vind/vanntett ytterbekledning
• lue
• hansker/votter
• isolasjonsjakke (dun, primaloft eller ull)

Prøv å hold vekta på sekken lågast mulig uten at det går på bekostning av sikkerheit og turglede.

Inkludert i prisen:
– alle utgifter til guide og alt av felles utstyr
– formidle kunnskap om skredtema og skredvurderingar, skikjøring, vinterturtips, høgfjellsvurderingar, skiteknikktips mm
– Lokalkjente guider med lang erfaring og høg kompetanse.

Ikkje inkludert i prisen:
– personlig ski-/skredutstyr
– transport
– overnatting
– mat og drikke
– reiseforsikring

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Høst