cbis:2124149
cbis:2124149

Ølsmaking i Gamlekinoen

Voss Fellesbryggeri skipar til ølsmaking i foajeen i Gamlekinoen fredag 2. og laurdag 3. desember. Her får du servert smaksprøvar på sider og øl bryggja med urgjæra Kveik.

Rune Midttun frå Voss Fellesbryggeri fortel om ølet, kveiken, kulturen og historia. Alt dette vert krydra med gode historiar og friske replikkar. Her får du ei smaking utanom det vanlege, vel verdt å få med seg. Ta dette som eit førespel til jolabordet, podcast med 3*Hjeltnes, show med Sjur Hjeltnes eller rett og slett berre som ei god underhaldning i adventstida.

Grupper kan bestilla her: [email protected]

Kontaktinformasjon

  • Destinasjon Voss

Anledninger

  • 02 Dec 2022 - 03 Dec 2022

Produktegenskaper

  • Vinter