CBIS 6115408
CBIS 6115403
CBIS 6115404
CBIS 6115406
CBIS 6115409
CBIS 6115412
Show full image

Opplev Hardangerfjorden - "Reis som dei lokale"

Rundtur med kollektivtransport: Voss - Odda - Rosendal - Norheimsund - Voss

Dette er ein “Reis som dei lokale"-tur. Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eigen hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Når du bestiller denne turen - får du ein enkeltbillett for heile rundturen og alle transportmidlane!

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar.

______________________________________

Denne turen tek deg langs Hardangerfjorden og Nasjonal Turistveg Hardanger, og på ei reise gjennom vakre fjord- og fjellandskap. På vegen vil bussen blant anna passere over Hardangerbrua, som er blant dei ti lengste hengebruene i verda.

Inst i Sørfjorden kjem du til Odda, ein flott plass omringa av vakker natur. Her finn du eit godt utval av aktivitetar og opplevingar, som for eksempel elvevandring og flotte vandreturar rundt i sentrum. Ta turen innom turistinformasjonen.

Bygda Rosendal ligg lunt mellom høge fjell i Folgefonna Nasjonalpark. Besøk Folgefonnsenteret eller ta turen til Skandinavia sitt minste slott; Baroniet Rosendal. 

Buss vidare frå Rosendal til Årsnes, ferje over til Gjermundshamn og ein lengre stopp når du kjem til Mundheim (toalettfasilitetar). Nyt utsikta utover fjorden. Turen tilbake til Voss, via Norheimsund, går langs idyllisk fjordlandskap.

______________________________________

Reiserute med avgangar - måndag til fredag:

09:20: Buss frå Voss stasjon til Odda - buss 990
11:20: Ankomst Odda

13:20: Buss frå Odda til Rosendal - buss 760
14:10: Ankomst Rosendal

16:20: Buss frå Rosental til Årsnes ferjekai - buss 760
16.35: Ankomst Åsnes ferjekai

16:40: Ferje frå Årsnes ferjekai til Gjermundshavn ferjekai
17:00 - Ankomst Gjermundshavn ferjekai

17:10: Buss frå Gjermundshavn ferjekai til Mundheim - buss 740
17:25: Ankomst Mundheim

18:00: Buss frå Mundheim til Nordheimsund - buss 749
18:55: Ankomst Norheimsund - bussbytte til Voss

18:55: Buss frå Norheimsund til Voss stasjon - buss 925
20:35: Ankomst Voss stasjon

______________________________________

NB! Ved bestilling vil du motta ein e-post frå Travel like the locals med billetten din. Vis fram denne på alle transportmiddel på turen.

Occasions

  • 17 July 09:20
  • 18 July 09:20
  • 19 July 09:20
  • 22 July 09:20
  • 23 July 09:20
  • 24 July 09:20
  • 25 July 09:20
  • 26 July 09:20

Map