Park Hotell Vossevangen
Park Hotell Vossevangen
Park Hotell Vossevangen
Park Hotell Vossevangen
Vis hele bildet
Voss

Park Hotell Vossevangen

Park Hotell Vossevangen ligg vakkert til ved Vangsvatnet i Voss Sentrum, med storslagen utsikt til naturen ikring. Hotellet er verdskjent for sin prisvinnande vinkjellar.

Hotellet har 122 rom og eit fleksibelt tilbod til kurs og konferansedeltakarar. Her har ein også møterom både for små og store grupper med den nødvendige ro og fred for gjennomføring av arrangementet ditt. Konferansesalen Vossasalen stod ferdig hausten 2005, og kan romma alt frå konferansar og kongressar til kulturarrangement og messer.

Mat- og vinhotellet Park har og eit rikt tilbod på kveldstid med både Pianobaren Pianissimo og Cafe Stationen. Dei har også nattklubben Pentagon, som dei opnar ved ulike arrangement.

Restaurant Elysee sin internasjonale a la carte-meny byr på gastronomiske opplevingar i vakre særprega omgjevnadar. Restauranten har ein av dei mest rikhaldige og spennande vinkjellar i Norge, og har ein del år fått den prestisjetunge utmerkinga "Award of Excellence" frå det velrenommerte vintidskriftet Wine Spectator. Samt blitt kåra til verdens beste vinkart i 2020 og verdens beste vinkart på glass i 2021. Også i åra før har Park henta heim prisen for Norges beste vinkart.

Nokre rom i kategori standard har mogelegheit for hund. Ta kontakt med hotellet for forespørsel.

Bestill her

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Handikapvenleg
  • Restaurant
  • TV
  • Barnevennleg
  • Parkering for buss
  • Nært naturen
  • Minibar
  • Røykfritt
  • Vandrestiar
  • Førarhund tillete
  • Balkong eller terrasse
  • Alpinanlegg
  • I nærleiken av fjell
  • Naturområde
  • Utandørs parkering (gratis)
  • I sentrum
  • Ved innsjø
  • Fjellutsikt
  • Gratis Wi-Fi

Map