Pride på Voss
Ekstremsportveko ynskjer å løfte seksualitet- og kjønnsmangfald høgare opp på agendaen i idretten og på Voss. Me håpar dykk sammen med oss ynskjer å aktualisere temaet gjennom ei pride markering på Voss laurdag 2. juli 2022.
Me skipe ei pride-parade kl.15.00 med start austleg ende av Vangsgata og avsluttar inne på festivalarena. Me oppfordrar både enkelt personar, bedrifter, lag & organisasjonar til å bli med. Pride er for alle - så ta med bestemor/onkel/mamma/lillebror/venner i paraden.
Det er GRATIS å bli med på paraden og alt dagprogram er som alltid gratis på Ekstremsportveko fram til kl.19.00.
Kvifor me har PRIDE markering på Ekstremsportveko
Stiftinga bak Ekstremsportveko har i sine statuttar at ein skal vere open og inkluderande, me markerer 50 år sidan avkriminaliseringa av homofile jmf. § 213 i Straffelova. Etter fleire arrangement i Noreg enn nokon gong, er det likevel mange utfordringar som ikkje er tydeleg avklart innan idretten, også hjå Ekstremsportveko. Retningslinjene er uklare og statistikken for LHBTIQ-personar som vegrar seg for å delta i idrett fordi ein er redd for å bli diskriminert, er også for høg. Dette syner at inkluderingsarbeidet framleis har ein veg å gå.
Ekstremsportveko håpar at årets markering skal hjelpe å aktualisere temaet, og at sport/idrett saman må jobbe endå meir målretta for å ta vare på menneske på tvers av legning knytt til sportsmiljø.
Ekstremsportveko har lenge hatt samarbeid med Amnesty International Norway, og dei er sjølvsagt med på årets pride-parade. Her kan du lese meir om historia til LHBTIQ-arbeidet, og her kan du sjå korleis ein kan gjere meir for å støtte arbeidet - verda rundt.
https://amnesty.no/kampen-fortsetter