CBIS 5923582
CBIS 5923571
CBIS 5923572
CBIS 5923573
CBIS 5923574
Vis hele bildet
Skulestadmo

Rafting - Voss Active

Rafting er den mest populære sommaraktiviteten på Voss! Spanande, morosamt og passar for nybyrjarar så vel som erfarne.

Bli med Voss Active på rafting! Rafteturen går anten i Strandaelva eller Raundalselva, ut frå vasstanden. Begge elvane held topp internasjonal klasse, og me garanterer ei fantastisk oppleving!

Vasstanden avgjer om rafteturen me raftar i Strandaelva eller Raundalselva, begge held topp internasjonal klasse og vi garanterar ei fantastisk oppleving!

ELVANE

Strandaelva:
Grad 3-4+, ca 8 km. Ein klassikar! Dette er den mest vanlege turen, med 9 spektakulære stryk og mange vakre seksjonar. Sidan elva har rolegare parti mellom dei store stryka, er graderinga relativt låg samanlikna med størrelsen på stryka, og du får verkeleg valuta for pengane!

Raundalselva:
Grad 3-4+, ca 7 km. Me raftar i denne elva når Strandaelva er for låg, vanlegvis i august – september. Denne elva går gjennom eit vakkert og isolert juv, langt vekk frå biltrafikk og anna sivilisasjon. Denne elva er krevjande og vert rekna for å vere ei av dei mest tekniske i Norge.

VARMT MÅLTID

Prisen inkluderar dagens heimalaga varme måltid etter turen. Kontakt oss dersom de vil ha vegetarmat!

Kontaktinformasjon

Map