cbis:2163097

Ski boogie og 80-talsfest

Finn fram skiklede frå det glade 80-talet! Det vert ein full dag med 80-talsfest!

Skikonkurransar i bakken med premieutdeling på Pudder
Konsert med Miami Vice Machine i Tråkkemaskingarasjen
DJ Lars Finborud spelar opp gamle gode slagarar

Her vert det skikonkurransar i bakken med premieutdeling på Pudder. Konsert med Miami Vice Machine i tråkkemaskingarasjen. DJ Lars Finborud spelar opp gamle gode slagarar.

Konsert med Miami Vice Machine
Tradisjon tru kjem Miami Vice Machine til Myrkdalen og lagar årets beste afterski i tråkkemaskingarasjen. Miami Vice Machine er kanskje det råaste 80-tals coverbandet i Norge. Her vert du tatt tilbake til tida med puddelrock, sterke fargar og fengande synthesizer tonar som garantert får det til å rykkja i dansefoten.

DJ Lars Finborud
Platesnurrar og vossing Lars Finborud har sørga for livlege dansegolv i vestlandsregionen i snart 15 år. Han lovar å blanda saftige godbitar med pop, funk, disco og house til ei groovy betasuppe utover natta!

Praktisk info:
Dørene opnar kl. 18.00 i tråkkemaskingarasjen
Konsert frå kl. 19.00
DJ til kl 01.00
Aldergrense: 18 år, eigen bar for dei over 20 år

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 04 Apr

Produktegenskaper

  • Vinter
  • Vår