cbis:2650981

Solokonsert med Siri Nordgård

Me er særs glade for å ha Siri Norgård tilbake på Mølstertunet i sommar!

Vekedagar i juli vert det minikonsertar på toradar kl 12.30, kl 13.30 og kl 14.30.

Konserten kl 12.30 er særskilt for born. Under tittelen Spel, song og segn med Siri, er det lagt opp til ei kjekk lita stund med dei minste museumsgjestene våre.

Konsertane er inkluderte i museumsbilletten og varer kring 20 min.

I 2018 gjekk Siri Nordgård frå Vossestrand til topps i juniorklassen i durspel under Landskappleiken. Den overtydande sigeren viste at ho har ei skinande framtid innan folkemusikken. I dag er ho elev på Ole Bull akademiet på Voss. Alle konsertane vert gjennomført i samarbeid med hardingfela.no.

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 16 Jul 2024 - 31 Jul 2024