Stalheimskleiva

Stalheimskleiva

Stalheimskleiva er ein av dei brattaste vegane i Nord-Europa, bygd i perioden 1842-1846.
Vegen slyngjer seg i 13 hårnålssvingar mot toppen, der ein finn Stalheim Hotell og får ein flott utsikt mot Nærøydalen; eit område på UNESCO si verdsarvliste.

På kvar side av kleiva kan ein sjå Stalheimsfossen (126 meter) og Sivlefossen (142 meter).
Stalheimskleiva er open på sommarstid og er einvegskøyrd nedover. 

Med bil, 30 minutt: Følg E16 nordover frå Voss sentrum. Ta av til venstre etter 33 km, følg skilt til Stalheim Hotel.
Med buss, 35 minutt: Følg rutebuss frå Voss jernbanestasjon retning Gudvangen/Flåm. Nokre bussavgangar har stopp ved hotellet, andre har stopp ved E16. Frå busstopp ved E16 er det 2 km å gå til toppen av Stalheimskleiva.
 

Tags
attraksjonar