CBIS 6156855
Show full image

Stølstur til Årdalen

Dette er ein relativt lettgått vandretur i flott turterreng, der heile familien kan bli med.

Fra startpunktet ved gardstunet Staup følger vi ein god sti gjennom skogen til stølen Moldbakken. Undervegs beundrar vi jettegrytene som elva Moldåni har skapt. Vår guide fortel om tradisjonane på staden, mellom anna om den gamle løypestrengen som har ei interessant historie.

Frå Moldbakken går turen vidare opp mot tregrensa. Oppe over stølen Breiming stig vi inn i det store amfiteateret som heiter Årdalen. Her får vi Lønahorgi sine ville stup på nært hald, og kan beundre den flotte utsikta mot aust. Vi kan ta turen vidare opp mot Svartahorgi (1037), eller rigge oss til for ei utvida pause før vi returnerar til Staup same vegen som vi kom opp. Ein omvisning på det vakre gardstunet høyrar med. Kanskje du får lyst på ein dukkert i ei av jettegrytene?

Turdetaljar for Stølstur til Årdalen
- Samla distanse: 6-8 km, avhengig av ambisjonsnivå.
- Estimert tidsbruk: 4-5 timar på tur.
- Samla stigning: 600 meter (til Årdalen).
- Turgradering: Lett til middels (blå).
- Familievenleg: Ja, for born som har fylt åtte år.
- Tilgjengelig med offentleg transport: Ja.

Sesong:
Daglege turar i perioden 10.mai til 15.november.

Kvifor bli med?
Dette er ein lettgått tur i variert og flott turterreng. Vi følger vakre fossar, beiteområder og åpen furuskog. Her er naturen meir inntakt enn på sørsida.

Undervegs får vi sjå og høre om det flotte gardstunet på Staup, stølstunet Moldbakken, og la oss imponere av Lønahorgi sine ville stup høgt over oss.

Praktiske detaljar:
Oppmøte på guidekontoret vårt i andre etasje på Tre Brør Kafé kl 10.00.

​Kjem du med tog frå Bergen? Turen korresponderar godt med toget som har avgang kl 08.39 frå Bergen.

Vi tek buss frå Voss Tinghus kl 10.10. Bussturen tek om lag 15 minutt.

Om du ynskjer å køyre privatbil, så avtaler vi det på førehand.

Vi er attende på Voss kring kl 16.00.

​Krav til deltakarar:
Denne turen går i all hovudsak i lettgått fjellterreng på T-merkt sti. Det er ein fordel om du har gått nokre turar i fjellet før, men det er ikkje eit krav. Du er i normal fysisk form og føler deg frisk.

Naudsynte klær og utstyr til turen:
- Gode sko eller støvlar til vandring i fjellet.
- Vind- og vasstette klede (skalklede).
- Liten ryggsekk (ca 20 liter).
- Ei ekstra t-skjorte.
- Ekstra genser eller lett fleecejakke.
- Solbrillar og solkrem.
- Vandrestavar er ein god idé.
- Lue eller caps.
- Drikkeflaske og litt tursnacks.
- Ta gjerne med badetøy og handkle til returen.

Prisar og vilkår:
Prisen for vaksne er kr 1150 per person. Pris for born mellom 8 år og 14 år er kr 650 per person. Nedre aldersgrense er 8 år.

Gruppestorleik: 1-12 deltakarar. Grupper som er større enn 5 personar oppnår 20% grupperabatt.

Inkludert i prisen:
- Følge av ein kompetent guide på heile turen.
- Eit lett måltid av lokalprodusert mat, inkludert varm drikke – laga på primus.
- Alt naudsynt tryggleiksutstyr.
- Tilgang til å låne ekstra klede og vandrestavar kostnadsfritt ved behov.
- Transport med rutebuss til og frå Voss.

Ikkje inkludert i prisen:
- Tog eller annan reisemåte til Voss.

Korleis finne fram til Staup med privatbil?
Frå Voss, følg E16 nordover til Løno, om lag 9 km. Ved avkøyringa til Smalahovetunet (skilt), ta av til venstre og følg den bratte grusvegen opp til parkeringsplassen ved det flotte gardstunet Staup.

Occasions

  • 20 July 10:00
  • 21 July 10:00
  • 22 July 10:00
  • 23 July 10:00
  • 24 July 10:00
  • 25 July 10:00
  • 26 July 10:00
  • 27 July 10:00

Map