CBIS 6353385
Vis hele bildet
Skulestadmo

Store Ringheim Hotel

Store Ringheim er ein gammal gard som har blitt restaurert og gjort om til eit lite boutiquehotell.

Hotellet, som ligg 1,2 km frå Voss sentrum, har 15 unike og komfortable rom. Romma er fordelt på «Gardshuset» og «Reiskapshuset». Husa er fint restaurerte og alle romma har store flislagde baderom med dusj som ein ventar å finna i eit moderne hotellrom.

Romma i «Gardshuset» er dei historiske romma. Der er tømra synleg og ein kjenner det historiske suset i veggane. Eitt av romma er ei meir enn 300 år gamal årestove som er restaurert attende til fordums prakt. I «Reiskapshuset» er det nye moderne rom, nydeleg dekorert i same stil som elles på hotellet.

Hotellet har også ein flott restaurant i det gamle fjøset, FLOR'N, som spesialiserer seg på rettar laga på lokale råvarer.

Bestill her

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Handikapvenleg
  • Restaurant
  • TV
  • Dobbelseng
  • Enkeltseng
  • Barnevennleg
  • Parkering for buss
  • Nært naturen
  • Røykfritt
  • Hårfønar
  • Vandrestiar
  • Førarhund tillete
  • 24-timars innsjekking
  • Kaffemaskin/vannkoker
  • Allergitilpassa
  • I nærleiken av fjell
  • På landsbygda
  • Utandørs parkering (gratis)
  • Babyseng tilgjengeleg
  • Fjellutsikt
  • Gratis Wi-Fi

Map