Ta skitoget til Voss i vinterferien!
Underhaldning på toget, overnatting og heiskort til heile familien. Ta ungane med på ein vinterferie dei seint vil gløyma!
Kvifor ikkje la bilen stå heime i vinterferien? Tek du skitoget til Voss får du alt i ei pakke – togbillettar tur/retur frå Oslo med underhaldning på toget, heiskort og overnatting for heile familien på Voss. Du kan velja mellom fire ulike overnattingsplassar, og mellom våre to skianlegg Voss Resort og Myrkdalen.
Du kan velje mellom fire ulike pakker, og mellom langhelg og heil veke:
- Pakke 1: Tog tur/retur Oslo-Voss, overnatting på hotellet Scandic Voss og heiskort kvar dag i Voss Resort inkl. kveldskøyring
- Pakke 2: Tog tur/retur Oslo-Voss, overnatting på Myrkdalen Hotel heiskort kvar dag i Myrkdalen inkl. kveldskøyring
- Pakke 3: Tog tur/retur Oslo-Voss, overnatting i hytte i Voss Resort og heiskort kvar dag i Voss Resort inkl. kveldskøyring
- Pakke 4: Tog tur/retur Oslo-Voss, overnatting på Voss Vandrarheim og heiskort kvar dag i Voss Resort inkl. kveldskøyring
Avgangar for årets vinterferie-skitog i veke 8:
Heil veke (laurdag - laurdag):
Avreise Oslo |
Laurdag 20. februar klokka 12:03 |
Ankomst Voss |
Laurdag 20. februar klokka 17:35 |
Avreise Voss |
Laurdag 27. februar klokka 13:09 |
Ankomst Oslo |
Laurdag 27. februar klokka 19:05 |
Ein togtur utanom det vanlege
Maskotane Grebbe Hangur frå Voss Resort og Sigge frå Scandic Voss vert med skitoget over fjellet til Voss! På skitoget som går 20. februar dukkar også Mikkel & Mikkeline opp! I løpet av togturen vert det mykje sprell og underhaldning for ungane, og ein kan vera med på quiz og vinna fine premier. Passasjerane på skitoget får også ein godtepose med overraskingar oppi.
Bestill Skitoget-pakke heil veke her:
Avreise Oslo |
Onsdag 24. februar klokka 12:03 |
Ankomst Voss |
Onsdag 24. februar klokka 17:35 |
Avreise Voss |
Sundag 28. februar klokka 13:09 |
Ankomst Oslo |
Sundag 28. februar klokka 19:05 |
Bestill Skitoget-pakke langhelg her:
Skianlegg, langrenn og vinteraktivitetar:
På Voss finn du to av dei største skianlegga på Vestlandet, Voss Resort og Myrkdalen. Til saman har dei nesten 70 kilometer med alpinløyper for alle nivå, 20 skiheisar, spennande frikøyringsområde og familievenlege barneområde. Det finst også eit stort utval av langrennsløyper på Voss.
Myrkdalen:
Myrkdalen ligg ein halvtimes køyretur frå Voss sentrum, og er kjend for å vera ein av dei mest snøsikre destinasjonane i Europa. Her har du også alt du treng på ein plass – hotell, skisenter og restaurantar. Myrkdalen er eit familievenleg skianlegg med 22 varierte løyper, ni heiser, terrengpark, fleire flotte frikøyringsområde og eit stort barneområde med fleire trekk. Velgjer du skitog-pakka med overnatting og heiskort i Myrkdalen, tek du buss frå togstasjonen for å koma opp til anlegget.
Voss Resort:
Voss Resort har eit utruleg variert og stort skiområde som er tilgjengeleg med gondol direkte frå togstasjonen. Etter ti minutt i Voss Gondol er du på plass i løypene! Skianlegget har 3 ulike barneområde, så her skal det mykje til før dei minste byrjar å kjeda seg. I tillegg har Voss Resort 11 heiser, 24 alpinløyper for alle nivå, terrengpark, spennande frikøyringsområde og fire varmestover med serveringstilbod.
Langrenn: Om du ynskjer ei pause frå bakkekøyringa, finst det kilometervis med langrennsløyper i begge skianlegga som er perfekte for både trenings- og familieturar. Voss Resort har 18 kilometer med preparerte løyper og 6 kilometer ljosløype, og Myrkdalen har 30 kilometer med samanhengjande løypenettverk og 5 kilometer ljosløype.
Vinteraktivitetar utan ski:
I løpet av vinterferieveka tilbyr Myrkdalen fleire kjekke vinteraktivitetar utan ski på beina. Bli med på kanefart med hest og slede, hundesledetur med huskyar, isfiske eller aketur i skianlegget.
Les også: Topp tre inneaktivitetar på Voss
Overnattingsplassane:
Scandic Voss:
Det største og nyaste hotellet på Voss!. Scandic Voss ligg på sjølve togperrongen, rett attmed Voss Gondol som tek deg opp til skianlegget Voss Resort. Hotellet har restaurant, bar, badstove og sjølvsagt Scandic si prislønte hotellfrukost.
Myrkdalen Hotel:
Stort og flott hotell som ligg i bunnen av skianlegget i Myrkdalen. Nærmare løypene kjem du ikkje! Hotellet har også to barar og tre restaurantar der maten smakar som landskapet – vilt og reint. Hotellfrukost og transport til Myrkdalen er inkludert i prisen.
Hytter i Voss Resort:
Bu i moderne sjølvhushaldhytter på Tråstølen – det nyaste hyttefeltet i Voss Resort! Hyttene ligg flott til like ved skibakken (ski inn/ski ut), og har vedomn og badstove, fullt utstyrt kjøkken og bad. Transport til hyttene er inkludert i prisen.
Voss Vandrarheim:
Rimelegare overnatting i sentrum, 800 meter frå togstasjonen og Voss Gondol. Voss Vandrarheim ligg vakkert til med utsikt over Vangsvatnet, og har rom med toalett og dusj inkludert frukost. Fellesarealet med peis er ein populær plass å slappa av etter ein lang dag på ski. Tilgang på gjestekjøken.
Avbestillingsreglar - Covid 19
Om skisentra Voss Resort og Myrkdalen vert pålagde å stengja ned grunna høgt smittetrykk, vert heile skitoget-pakka fullt refundert.
Elles gjeld desse avbestillingsreglane:
- Avbestilling inntil 20 dagar før ankomst: Full refusjon
- Avbestilling mellom 19 og 10 dagar før ankomst: 50% refusjon
- Avbestilling under 10 dagar før ankomst: Ingen refusjon
Du må ha gyldig reiseforsikring for å få dekka avbestilling grunna sjukdom.