CBIS 6029680
CBIS 6029676
CBIS 6029677
CBIS 6029678
CBIS 6029679
Show full image
Voss

Tandem elvekajakk med guide - Outdoor Norway

Aldri prøvd elvekajakk før? Bli med på tandemkajakk og sit i same kajakk som ein profesjonell guide!

Her får du oppleva nokre av dei beste elvane i Europa på ein halv dag. Det har ingenting å seia om du har lite eller ingen erfaring - du sit i front av kajakken og guiden sit bak og styrar. Du får også læra mykje sjølv om korleis ein padlar elvekajakk.

Me har tre ulike elvar som ein kan padla i her på Voss, og me vel elv ut frå dine forventningar og erfaring. Uansett vert det ei fantastisk oppleving, der du både får adrenalin og vakker natur!

Varigheit:
3 timar totalt, inkludert transport og tid til å skifta. Kring 1,5 timar i kajakken på elva.

Sesong:
Juni til oktober
Avgangar klokka 10:00 og 14:45 kvar dag

Pris:
Vaksen: 2000 kroner
Born: 1800 kroner (fødd etter 1999)

Krav til deltakarar:
Må vera sju år eller meir
Må vera i normal fysisk form
Må kunne symja
Må vera under 95 kilo (kontakt oss på førehand om du veg meir)
Ver venleg å informera oss om tilstandar som astma, epilepsi, etc.

Dette er inkludert:
– Utstyr av topp kvalitet
– Profesjonell guide
– Tandemkajakk
– Padleåre
– Livvest
– Hjelm
– Vasstett padlejakke
– Våtdrakt
– Transport til og frå elva

Dette må du ta med:
– Badetøy
– Ullundertøy om det er kaldt
– Fottøy som kan verta vått
– Kleskift
– Solkrem
– Eventyrlyst!

Program:
1. Check-in ved teltet vårt ved Vangsvatnet (rett attmed kulturhuset og 100 meter frå Voss Gondol og togstasjonen)
2. Få utstyr
3, Køyre til elva
4. Sikkerheitsinstruksjoner
5. Oppvarming
6. Elvetur
7. Laste attende i bilen
8. Attende til teltet ved Vangsvatnet

Occasions

  • 20 July 10:00
  • 20 July 14:45
  • 21 July 10:00
  • 21 July 14:45
  • 22 July 10:00
  • 22 July 14:45
  • 23 July 10:00
  • 23 July 14:45

Map