cbis:2587118
cbis:2587118
cbis:2587118
cbis:2587118
cbis:2587118
Voss

Toppturhelg på Elva Hotel, Voss

Elva Hotel inviterer til topptur-langhelg på Voss med guida toppturar i vakker fjell- og fjordnatur. Lokalkjente skredinstruktørar frå Wild Voss arrangerer guida toppturar kvar dag. Det vert turar både for nybyrjaren og den meir turerfarne. Etter ein herleg dag på ski kjem du attende til Elva og kan nyte god mat, badstove og god atmosfære.

På guida topptur får du oppleva vill og vakker natur, herleg skikøyring og samlar nyttig kunnskap om toppturar og skredvurderingar.

Datoar: 14.-17. mars og 11.-14. april.
2-6 deltakarar per guide. Maks 20 stk totalt.
Alle gruppene samlast på kvelden for 'fine dining' og god stemning.

Pris:
NOK 15,420 per person
Inkl: 3 overnattingar med frukost + niste
Inkl: 2 stk 3-rettars, 7-rettars, 3 toppturar
Enkeltrom tillegg NOK 1500 per natt

Meir om sjølve turane:
Tre kompetente og erfarne guidar står klare til å ynskje deg velkomen torsdag kveld kl 17:30. Alle deltakarane samlast til eit felles ferdråd (turmøte) der me går igjennom vêr, snøforhold og skredvarsel for neste turdag. Guidane presenterer ulike turalternativ, svarer på spørsmål og går igjennom naudsynt utstyr. Me deler inn i grupper på 2-6 deltakar basert på turynskjer, fysisk form og skiferdigheiter. Alle vil få plass på ein tur som passar sitt nivå og sine ynskjer. Etter møtet vert det middag og hyggeleg lag.

Turane er delt inn i lett, middels og krevjande. Meir informasjon får du på ferdrådet kvar kveld. Ring gjerne Øystein i Wild Voss, tlf +47 93484041 eller send epost til [email protected] om du har noko spørsmål.

Naudsynt turutstyr:
Toppturski (rando/telemark) med feller
Vind- og vasstett bukse og jakke med hette
Ullundertøy, hue, hals, hanskar/vottar
Tjukk varmejakke eller ullgenser
Alle går med skredutstyr (spade, søkestong, sendar/mottakar)
Skibriller, solbriller, solkrem
Drikkeflaske, niste og tursnacks
Me anbefaler skihjelm på alle våre toppturar
Pakk utstyr og ekstra kle i ein dagstursekk (omlag 30 liter)

Inkludert i prisen:
Tre dagar med tur leia av ein kompetent, sertifisert skredinstruktør med lokalkunnskap
Tre turmøter (ferdråd) saman med guidane
Lån av skredutstyr: spade, søkestong, elektronisk sendar/mottakar
Naudsynt tryggleiksutstyr
Heiskort sundag («Toppturkort»)
Togbillettar t/r Voss – Uppsete/Ljosanbotn
Transport av deltakarar til kvar tur
Tre overnattingar på Elva Hotell inkl frukost med matpakke
2 stk 3-rettars 1 stk 7-rettars middag
Utandørs boblebad og badstove

Oppmøte:
Fyrste «ferdråd» torsdag kl 17:30. Det er mogleg å sjekke inn på hotellet frå kl 15:00. Ynskjer du å leige skiutstyr kan me ordne dette torsdagkveld. Ta kontakt om du ikkje rekk å kome til ferdrådet torsdag kl 17:30.

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 14 Mar 2024 - 11 Apr 2024

Produktegenskaper

  • Vinter

Map