cbis:2071233
cbis:2071233
cbis:2071233
cbis:2071233
cbis:2071233

Tour of Norway: Bergen - Voss

Verdas beste syklistar inntar Voss

Tysdag 24. mai går startskotet for sykkelrittet Tour of Norway. Fyrste etappe går frå Bergen til Voss i spektakulær natur. Få med deg nokre av verdas beste syklistar, og bli med å laga folkefest langs løypa!

Du er kanskje vane med å sjå dei under Tour de France. Lag som Jumbo Visma, Lotto Soudal og INEOS Grenadiers. No kjem store namn som Alexander Kristoff, Primoz og Remco Evenepoel til Voss for å kjempe om den fyrste etappesigeren i Tour of Norway. Heile 19 internasjonale lag og 114 syklistar stiller til start.

Rittet startar kl. 13.30 i Bergen, og ein forventar at ryttarane er i mål ca kl. 18. Med direktesendt TV-sending på TV2, og fleire internasjonale TV-kanalar, vil den spektakulære naturen frå Voss verta kringkasta til fleire millionar TV-sjåarar. For å skape unike TV-bilete, og ei god oppleving for utøvarane, håpar arrangøren på folkefest langs løypa. Få med familien og vener, pynt med norske flagg, heimelaga plakatar, og bli med på å lage leven! Kanskje stoppar reportar Dag Otto Lauritzen, og ynskjer å få ein prat med dykk?

Heile etappen er på 174 km, der ryttarane skal klatre over 5650 høgdemeter. Ein har alltid oversikt over kvar ryttarane er via eit digitalt kart.

Starten på rittet startar på bryggen i Bergen. Ryttarane fyl stort sett den ordinære Bergen-Voss traseen med eit par justeringar. Dei syklar gjennom Hardanger og opp Skjervet der det også er ein bakkespurt ved Skjervsfossen. Når dei nærmar seg Vangen via Brynaflaten, tek dei til venstre forbi Gjernes, Mølsterteigen og Vinsand før dei rundar Vangsvatnet. Dei syklar så E16 frå Bulken mot Vangen, og i krysset ved kyrkja tek dei til venstre inn Vangsgata forbi Torget og opp Ringheimsvegen. Dei siste kreftene skal dei bruke på å klatre opp mot Bavallen med ein stigningsprosent på 8,4%, før dei kryssar mållinja ved hoppbakken ved Bavallstunet.

Få med deg siste nytt frå rittet og oppdateringar via Facebook-arrangementet.

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 24 May