Trugetur på Liaset - Outdoor Norway
På denne guida trugeturen tek Outdoor Norway deg med til vakre Liaset, der du får ein heilt unik utsikt over Vossevangen, Lønavatnet og Vangsvatnet. Du får også panoramautsikt mot det karakteristiske fjellet Lønahorgi på 1410 moh.
Dette er ein kjekk og enkel tur, som passar for dei fleste som vil oppleva flott vinternatur utan ski på beina. Turen kan tilpassast til gruppa.
Sesong:
Turane går kvar dag frå desember til april, klokka 10:15.
Varigheit:
Heile turen tek fire timar. Me bruker 20 minutt å køyra til plassen der me skal starta å gå, og 20 minutt på å gjere oss i stand med utstyr. Turen inkludert matpause tek kring 3 timar.
Oppmøte:
Møt ved Voss Turistinformasjon (på bakkeplan under Voss Gondol), klokka 10:15.
Pris:
Vaksne: 850,- per person
Born/ungdom mellom 11 og 17 år: 650,- per person
Dette må du ha av utstyr/klede:
- Gode fjellsko til vinterbruk
- Skalljakke/vinterjakke med hette
- Skallbukse/varm bukse til vinterbruk
- Ullundertøy og fleece
- Dun- eller primaloftjakke
- Varme hanskar
- Lue
- Solbriller eller skibriller (kjem an på vêret)
Du kan leiga utsyr hjå oss!
Dette er inkludert:
- Ein profesjonell guide
- Truger
- Stavar
- Transport
Dette er ikkje inkludert:
- Lunsj (ta med eigen nistepakke)
For å vera med på denne turen må du vera i normal fysisk form, og kunne gå kring ein time i oppoverbakke (220 høgdemeter stigning). Ver venleg å informera oss om medisinske tilstandar som astma, epilepsi, etc.