CBIS 6639807
CBIS 6639606
CBIS 6639808
CBIS 6639822
CBIS 6639823
CBIS 6639829
Vis hele bildet
Vossestrand

Trugetur til igloen i Myrkdalen - Wild Voss

Myrkdalen er viden kjent for å ha mykje snø om vinteren. Finst det nokon betre plass for bygging med snø? Vi har bygd ein stor iglo på toppen av skitrekket i Myrkdalen Fjellandsby, og denne vinteren tilbyr vi guida trugeturer dit. Vår solide snøbolig har god plass til familiar eller små grupper som ynskjer ei vinteroppleving utanom det vanlege – utan ski. Inne i igloen finst skydd mot kulde og vind. Med stearinlys, mat og varm drikke lovar vi ei lunsjpause du ikkje vil gløyme.

Turskildring
Møt guiden din i resepsjonen på Myrkdalen Hotell. Etter ein rask presentasjon sjekkar guiden at du er godt nok kledd for turen. Om naudsynt kan du låne ekstra varme klede utan ekstra kostnad. Du får utdelt truger, stavar og snøbriller før turen startar. Vi bruker stolheisen opp til vårt startpunkt, midt i herleg fjellterreng. På ein klar dag kan vi nyte den flotte utsikta over nabofjella. Trugeturen til igloen tek om lag 45 minutt, der vi riggar til lunsj.

Inne i igloen byr guiden på varm drikke og eit lett måltid sett saman av ingrediensar frå lokale matprodusentar. Stikkord her er kortreist og tradisjonell. Om vêret tillet, kan vi sette oss på utsida av igloen og nyte utsikta. Undervegs på turen fortel guiden om lokal historie og den rike kulturarven frå desse traktene. Du får og nyttige tips om å vere på tur i vinterfjellet. Etter lunsj leikar vi litt i snøen før vi tek turen tilbake til stolheisen. Returen er ei forfriskande oppleving i seg sjølv!

Sesong
Vinter

Spørsmål om turen?
Ring gjerne til Øystein: +47 93 48 40 41 eller send oss ein epost på [email protected]

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 01 December 11:30
  • 02 December 11:30
  • 03 December 11:30
  • 04 December 11:30
  • 05 December 11:30
  • 06 December 11:30
  • 07 December 11:30
  • 08 December 11:30

Map