CBIS 6070771
CBIS 6070772
CBIS 6070773
Show full image
Voss

Utleige av MTB / stisykkel - Outdoor Norway

Vil du prøva stisykkel i nokre timar? Outdoor Norway har utleige av MTB-syklar ved Vangsvatnet, 50 meter framføre Fleischer's Hotel og 100 meter unna togstasjonen.

Her får du endurosyklar av topp kvalitet frå CUBE, heilt nye i 2019! Syklane har 160 mm breie hjul, god demping, og er perfekte å bruka i terreng.

Hjelm og hanskar er inkludert i prisen.

Sesong:
Vår/sommar - 8. mai til 20. juni:
10:00 - 16:00 kvar dag

Sommar - 21. juni til 31. august:
09:00 - 18:00 kvar dag

Haust - 1. september - 13. oktober
10:00 - 16:00 kvar dag

Krav til deg som skal leige:
Må vera minst ti år
Må væra i normal fysisk form
Ver venleg å informera oss om tilstandar som astma, epilepsi, etc.

Dette er inkludert:
– Utstyr av topp kvalitet
– Enduro-sykkel
– Hjelm
– Hanskar

Dette må du ta med:
– Komfortable klede å sykla med
– Ullundertøy om det er kaldt
– Windstopper-jakke
– Solbriller
– Solkrem

Basen vår er eit kvitt telt like ved Vangsvatnet, attmed Voss kulturhus og rett framføre Fleischer's Hotel og Voss Gondol.

Occasions

  • 22 July 09:00
  • 23 July 09:00
  • 24 July 09:00
  • 25 July 09:00
  • 26 July 09:00
  • 27 July 09:00
  • 28 July 09:00
  • 29 July 09:00

Map