Vandretur til karakteristiske Timaglaset

Timaglaset

Timaglaset er ein karakteristisk stein på fjellmassivet Gråsida. Det ser nesten ut som om steinen balanserer og kan velta når som helst, men den står bom fast, sjølvsagt. Her kan ein både klatra opp på steinen, og forsøkja å "dytta" den. Perfekt fotomotiv, og ein flott og krevjande tur i høgfjellsterreng.

Turbeskrivelse:

Lengd: 8 timar tur retur
Stigning i høgdemeter: Kring 900

Turen startar frå Gjelle. For å koma hit køyrer du forbi Gjernes, og tek av vegen til venstre mot Rio. Følg vegen oppover svingane og forbi dei fyrste gardane. Når vegen flatar ut, ser du ei avkøyring på grusveg til høgre, merka med skilt mot Roset og Gråsida. Dette er ein bomveg, betal kr. 30,- med kontantar eller Vipps. Fortset omlag 500 meter oppover grusvegen til du ser ei hytte og eit lite sagbruk der det er fint å parkera. 

Stien går opp til venstre for vegen her, følg skilt mot Roset. Når du kjem til Roset, følgjer du skilt mot Torfinnsheim. Du kan velgja å ta omvegen om Gråsidetoppen på vegen, eller berre følgja stien mot Torfinnsheim.

Etter kring fire timar, kjem du til Timaglaset. Du kan då velgja å gå ned att same veg, eller fortsetja turen vidare mot Hodnaberg. Heile turen frå Gjelle til Hodnaberg er 20 km, og du må ha ordna deg transport frå Hodnaberg og attende til Voss.