cbis:2035430
cbis:2035430
cbis:2035430
Voss

Videregående skredkurs med Wild Voss

Vårt weekend vidaregåande skredkurs gir deg robust kunnskap og sikre metodar for ferdsel i utfordrande skredterreng. Kurset bygger vidare på kunnskap frå grunnleggande skredkurs/toppturkurs.

Vidaregåande skredkurs – aktivt og innhaldsrikt!
Vårt vidaregåande skredkurs gir deg påfyll av viktig kunnskap og vegleiing i trygg skiferdsel. Meir kunnskap gir deg større turglede! Det meste av kurset finn stad ute på toppturar, med vekt på praktiske øvingar og aktiv deltaking. Vi øver på metodar som gjer deg i stand til å ferdast trygt i Utfordrande skredterreng (KAST klasse 2). Vossafjella er snøsikre og har eit rikt utval toppturar som eignar seg godt til skredkurs. Kurset let seg derfor gjennomføre i nær sagt all slags vêr og under alle slags forhold. Seinvinteren byr på mykje dagslys og gode snøforhold – ideelt for eit innhaldsrikt og intensivt kurs.

​​Skredlære - dette får du lære meir om:
Turplanlegging. Korleis finne den tryggaste turen med den beste snøen?

Bruk av Varsom RegObs.

Terrengklassifisering med KAST, både på kartet og i terrenget.

Aktiv handtering av varsla skredproblem. Filtermetoden. Val av terreng, nedkøyring og sikringstiltak.

Snødekkeanalyse. Systematisk snødekkeundersøking (SSU), svake lag, stabilitetstestar.

Metoder for undervegsvurdering (ALPTRUTH) .

Mønster for skikøyring - skikompis. Kommunikasjon, linjeval og trygge stoppestader.

Kameratredning i skred med søk, utgraving og grunnleggande førstehjelp.

Beslutningstaking i skredterreng. Korleis unngå beslutningsfeller? FACETS.

Sikker kunnskap og upålitelege erfaringar.

Plan for gjennomføring
Kurset har base ved vårt kontor på Tre Brør Kafé og Bar i Voss sentrum. Der samlast vi til teoriøkter og turplanlegging. Det blir høve til å kjøpe mat og drikke fra kaféen.

​Fredag:
18.00: Kursstart i andre etasje på Tre Brør Kafé. Fint om du har spist middag før oppmøte.
18.15 – 21.30: Presentasjonsrunde. Kursplan. Repetisjon av skredlære. Planlegging av tur laurdag.

Laurdag:
8.30: Oppmøte og avreise.
9.30 - 17.30: Topptur med læringsmoment og metodegjennomgang. Vi jobbar med terrengvurdering, identifisering av skredproblem, snødekkeanalyse og repeterer kameratredning.
18.30: Tilbake på Tre Brør. Pause med middag.
19.30-21.00: Felles økt med oppsummering av dagen. Litt teori. Planlegging av tur søndag.

​Søndag:
8.30: Oppmøte og avreise.
9.30 - 17.30: Topptur med læringsmoment. Deltakarane er sjølvstendige, og får vegleiing ved behov. Fokus på gruppeprosessar og beslutningstaking i skredterreng. Risikoreduserande tiltak og skikompis-mønster.
18.00: Tilbake på Tre Brør. Felles kursavslutning med evaluering. Alle får kursbevis.
19.00: Heimreise.

Om overnatting og måltid:
Du må i utgangspunktet sjølv ordne med overnatting og måltid på kurset. Vi hjelper deg gjerne med tips om overnattingsplass på Voss.

Krav til deltakarar
Du må ha erfaring frå toppturar i høgfjellet vinterstid. Du må kunne kle deg for skiturar i høgfjellet. Du har gode nok skiferdigheiter til å meistre vekslande vêr- og snøforhold, både oppover og nedover. Du køyrer kontrollert på ski, ôg i kortare brattheng (30-35 grader). Du har skredkunnskap tilsvarande grunnkurs skred eller grunnleggande toppturkurs.

Naudsynt turutstyr
Toppturski med feller (Rando/Telemark). Alle må ha skredutstyr (spade, sendar/mottakar, søkestong), snøbriller (goggles), vind- og vasstette skalklede med hette. Dunjakke/varmejakke, vindvottar med varme innervottar, lue, balaklava/ansiktsmaske, to fulle sett med ullundertøy, ullsokkar. Dagstursekk (ca 35 liter), drikkeflaske, termos, hodelykt med ekstra batterier, mobiltelefon. Kartmappe og kompass, skrivesaker. Vi tilrår bruk av skihjelm på våre skredkurs.

Har du spørsmål om kursinnhald, utstyr eller praktisk gjennomføring, send epost til [email protected] eller ring på +47 93484041. Sjekk også ut nettsida for meir informasjon.


Bestill her

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Vinter
  • Vår

Map