Vossa Bike
Få ShareBike til telefonen din og bli med.
Vossabike er ein enkel, morosam og miljøvenleg måte å utforska Voss på. Me trur det er verdas fyrste elsykkeldeling på bygda!
Stasjonar:
Voss stasjon
Kapasitet: 10 elektriske bygdesyklar
Med togstasjonen, bussterminalen og gondolbanen rett i nærleiken er det kort veg for reisande å finna seg ein bygdesykkel.
Sykkelstasjonen står plassert på nedsida av stasjonsbygget rett ved korttidsparkeringa.
Hestavangen Nord
Kapasitet: 10 elektriske bygdesyklar
Med bygdesyklane plassert midt på Vangen har sykkelturen eit godt utgangspunkt. Det er berre å velje ein retning og sykle av gårde.
Sykkelstasjonen står plassert i enden av “hesteskoen” i Hestavangen, rett ved skodespelaren Lars Tvildes monument.
Prisar:
Tråkk og betal - den beste løysinga for turistar.
Kr 70,- per påbegynte time (maks døgnpris kr 300,-)
Årsabonnement - best for dei som besøker Voss mykje eller fastbuande
Kr 30,- per påbegynte time, etter første time (maks døgnpris kr 150)
+ kr 500 (årlig eingangssum)
Vossabike er eit pilotprosjekt for å finne ut om elsykkeldeling er bærekraftig i mindre tettstader, og for å finne ut korleis elsykler kan vere eit godt supplement til kollektivtransport.
Vossabike er eigd av Voss Parkering og Vy.
Samarbeidspartnarar er Visit Voss, Voss Herad, ShareBike, BaneNor og Vestland Fylkeskommune.