Vossabike - Elektriske bygdesyklar på Voss.
Skaff deg appen
Finn ShareBike i App Store til iPhone og Google Play til Android telefonar.
iPhone: https://apps.apple.com/no/app/sharebike-bike-sharing/id1500884837
Android: https://play.google.com/store/apps/details?id=com.sharebike.android
Med ShareBike appen kan du leige ein bygdesykkel, og du kan og sjå kor du finn den næraste sykkelen.
Stasjonar:
Du finn bygdesyklar i sykkelstasjonane rundt om kring på Voss.
Det er 2 ladestasjonar. Her finn du som regel alltid godt opplada syklar (så lenge det står syklar parkert her):
- Voss stasjon
- Hestavangen
Det er 13 GPS stasjonar, som betyr at du i desse områda kan levere i frå deg sykkel utan å setje den i ein ladestasjon.
I sentrum finst desse stasjonane:
- Voss idrettshall
- Vossabadet
- Sverresplass ved Lyskrysset (Både ved Vinmonopolet/Extra og Endeve sport)
- Skulegata ved Jernia
- Skulegata ved KIWI
- Voss tinghus
- Stasjonsgarasjen p-hus
- AMFI (Vest og Aust)
Litt utanfor sentrum kan du levera i frå deg syklar her:
- Voss vandrarheim
- Vossvind (Tvildemoen)
- Voss fallskjermklubb/Skydive Voss (Bømoen)
- Voss folkemuseum (Mølstertunet)
Besøk Vossabike sin heimeside for å sjå eit kart over alle stasjonane, eller sjå kartet i ShareBike appen.
Prisar:
Litt sykling
kr 10,- per 6. minutt, men ikkje meir enn kr 400,- pr døgn
Mykje sykling
Kostar kr 600,- for sesongen. Du får første timen kvar sykkeltur gratis!
Over gratistimen kostar det kr 5,- per 6. minutt, men ikkje meir enn kr 200,- pr døgn.
Prøv oss gratis opp til ein time med kupongkode VOSSABIKE23
Kva er Vossabike?
Vossabike er eit pilotprosjekt for å finne ut om elsykkeldeling er bærekraftig i mindre tettstader, og for å finne ut korleis elsykler kan vere eit godt supplement til kollektivtransport.
Vossabike driftast av Voss Parkering AS.
Samarbeidspartnarar er Visit Voss, Voss Herad, ShareBike, BaneNor og Vestland Fylkeskommune.
#bysykkel