CBIS 6324019
CBIS 6324020
CBIS 6324021
Vis hele bildet
Voss

"Vosso Cruise" - Kayak Voss

Ein flott introduksjon til elvepadling som passar for familiar og for alle nivå!

Denne elvecruise-turen er ein god introduksjon til elvepadling med kajakk. Her får du læra korleis du kjem deg opp i kajakken og ut att, korleis du skal svinga, og korleis du skal padla framover og bakover. Alt medan du har det kjekt, sjølvsagt!

Klikk her for å bestilla denne turen!

Våre instruktørar vil guida deg ned ein flott strekning av Raundalselva før me kjem til plassen der Raundalselva og Strandaelva møtast. Her skiftar elva farge, og du får med deg ein flott utsikt mot Lønahorgi på vegen før me padlar ut i Vangsvatnet.

Passar for familiar, eller folk i alle aldrar og på alle nivå.

Total varigheit på turen:
3 timar

Turane går dagleg frå mai til september.

Avgangstidar:
Klokka 10:00 eller klokka 13:00

Inkludert i turen:
- Alt kajakkutstyr og sikkerheitsutstyr
- Introduksjon til elvepadling med kajakk
- Shuttletransport til og frå elva
- Noko å bita i

Dette må du ta med deg:
- Ullundertøy til å ha under våtdrakta
- Sko som kan verta våte
- Eit håndklede til etter padleturen

Kontaktinformasjon

  • Destinasjon Voss

Anledninger

  • 01 May 10:00
  • 01 May 13:00
  • 02 May 10:00
  • 02 May 13:00
  • 03 May 10:00
  • 03 May 13:00
  • 04 May 10:00
  • 04 May 13:00

Map