CBIS 6320566
CBIS 6320562
CBIS 6320563
CBIS 6320564
CBIS 6320565
Vis hele bildet

Yogahelg på Eenstunet

Wild Voss og Satya Yoga inviterer til yogahelg på Eenstunet 20. - 22. september!

Klikk her for å kjøpa billettar!

Denne helga samlast vi på vakre Eenstunet for å skape ein arena for fellesskap, natur og indre ro. Dei flotte omgjevnadane gir oss mogelegheit for tilrettelagde turar og yogaøkter der vi kan være i nærleik med naturen og bli enda betre kjend med eigen kropp. Når vi gjør dette saman blir opplevinga rikare.

Å gi seg sjølv eit pusterom frå kvardagen og kjenne på den gode kjensla av fridom, glede og fellesskap. Å være til stades, kjenne på nærleiken til naturen og gjere livgivande yoga. Å vere til stades i seg sjølv og delta i eit oppbyggjande fellesskap med menneske som ynskjer det same.

​Vi kjem til å lage næringsrik mat i lag og få eit fint samvêr gjennom å gjere oppgåver og aktivitetar i lag. I løpet av dagane vil vi bli godt kjend, anten du kjem åleine eller saman med vener. Det vil også være mogeleg å trekkje seg tilbake for litt åleinetid om du ønsker det.

Yogaen undervisast av May Kristin, som er sertifisert yogalærer level II hos Patanjali Yoga Switzerland. Hun underviser hos Satya Yoga i Stavanger og Sandnes, der det blir lagt til grunn at yoga er ein kontinuerleg reise og at dei tilknytte yogalærarane må ynskje å vidareutvikle seg og undervisast jamnleg av meir erfarne lærarar.

Både laurdag og sundag skal vi ha en fin dagstur i området rundt Eenstunet. Undervegs legg vi inn rolige yogaøkter i naturen. Turane tilpassast deltakarane sine ønsker og nivå. Unni og May Kristin er sertifiserte turleiarar og har lang erfaring med å ha med folk på tur.

​For fleire detaljar og påmelding - sjå våre nettsider.

Pris fra 3500
NOK /Helgepass

Kontaktinformasjon

Anledninger

  • 20 September 18:00
  • 21 September 18:00
  • 22 September 18:00