cbis:1809111
cbis:1809111
cbis:1809111
cbis:1809111

Yogahelg på Myrkdalen Hotel

22.-24. november har me igjen gleda av å invitera til yogahelg på Myrkdalen Hotel med dei dyktige instruktørane Karina Eline Kibsgård og Camilla Torvik Tønne. Kibsgård og Tønne er to av dei mest erfarne yogainstruktørane i Skandinavia innan Jivamukti Yoga.

22.-24. november har me igjen gleda av å invitera til yogahelg på Myrkdalen Hotel med dei dyktige instruktørane Karina Eline Kibsgård og Camilla Torvik Tønne. Kibsgård og Tønne er to av dei mest erfarne yogainstruktørane i Skandinavia innan Jivamukti Yoga.

PROGRAM
Programmet for yogahelga går frå fredag kveld til sundag ettermiddag. Fullt program blir lagt ut om kort tid.

PRIS
Pris: Kr 2490,- per person
3-rettars vegetarmiddag laurdag, vegetarlunsj laurdag og sundag, og yogatimar alle dagar er inkludert. Alle nivå er velkomne! Avgrensa plassar - bestill tidleg for å sikra deg denne helga.

OM JIVAMUKTI YOGA
Jivamukti Yoga er ein vinyasa yogametode som blir praktisert til energigivande musikk. Klassane er spirituelle, oppløftande og fysisk utfordrande. Det blir lagt vekt på fysiske yogastillingar/asana praktisert i samanhengande flyt med ei leiken tilnærming. Samstundes er chanting og yoga-filosofi viktige element for å koma inn i kjernen av yogapraksisen.

OM KARINA ELINE KIBSGÅRD
Karina Eline Kibsgård har undervist yoga sidan 2008 og undervisar i dag ved ulike yogastudio i Oslo. Bakgrunnen hennar er hovudsakleg frå dans, Ashtanga Yoga og Jivamukti Yoga. Ho vart introdusert for yoga gjennom studiar ved Den Norske Balletthøyskole. I dag er Kibsgård ein av få "800h Advanced Certified" Jivamukti Yogalærarar i Skandinavia.

OM CAMILLA TORVIK TØNNE
Gjennom fokus på pust og teknikk tek Camilla deg gjennom krevjande asanapraksis på ein leiken og uhøgtideleg måte. Ho har stor interesse for å gjera tradisjonell yogafilosofi tilgjengeleg og relevant for dagens samfunn. «Me lever i ei tid der me er tilgjengeleg for andre store delar av døgnet, der me fordøyer enorme mengder informasjon og skal prestera i nesten alt me gjer. Yogapraksisen er som ein fristad, der merksemda blir retta innover og kor aksept og å vera fordomsfri er i fokus». Camilla har undervist yoga på fleire yogastudio, for ulike bedrifter og ved arrangement. I dag bur ho i Stavanger der ho underviser yoga ved Jivamukti Yoga Stavanger.

Kontaktinformasjon

  • Destinasjon Voss