Yogahelg på Myrkdalen Hotell - Våg å vokse
Våg å vokse - ei helg med natur, meditasjon, psykologi og yoga
Bli med Helle og Ruth Helene til Myrkdalen for ei helg der me lar vekst handla om å få vera oss sjølve og dyrke det me har i oss.
Psykolog Ruth Helene brenn for å byggja ei bru mellom psykologiens og yogaen verden. Ruth Helene vil denne helga dele noko av kunnskapen me har om meditasjon og oppmerksomheit og korleis ein kan bruke dette til å rette fokus mot dei ressursane me allereie har i oss.
Villkvinne Helle brenn for å sette deg fri, for at du skal kunne vera ditt autentiske sjølv utan skam og tvil. Med naturen og over 20 års erfaring innan yogaens verden vil ho dela verktøy og inspirera deg til å vera nettopp den du er!
Me er så heldige at me får med oss Gongmester Amie. Amie er lidenskapeleg opptatt av alt ved naturen, elskar alle formar for ski og menneske. Ho vil inspirera deg til å finna balanse i livet, ta ein fot i bakken og kjenne etter om du er der du ynskjer å vera.
Denne helga skal me dykke inn i oss sjølv, kjenne på fellesskapet og verdien av å vere i lag. Omringa av dei vakre haustfargane i fjellet skal me gi slipp, meditere, gå på tur, puste, reflektere og bevege oss for å nevne noko. Du legg sjølvsagt opp til det du kjenner er rett for deg og deltek på dei aktivitetane du vil. Du treng ingen tidlegare erfaring for å vere med på helga.
Les meir på Myrkdalen si heimeside.