Foto:
Store Ringheim
Hovudrett som vert dandert på Store Ringheim
Sivle Gard
Foto:
Sverre Hjørnevik, Myrkdalen
Pizzabaking i restaurant Tunet i Myrkdalen

Lokalmat frå Voss - på Voss!

Skal du til Voss bør du inkludere nokre smaksopplevelser i programmet. Voss er ei matbygd med ein sterk matkultur og mange spennande retter å prøve. Du har kanskje høyrt om Vossakorv og Smalahove? Kortreist mat og økt fokus på bærekraft i matindustrien er svært positivt for lokale leverandørar. På Voss jobbar fleire bedrifter og produsenter litt ekstra for å nytte lokale råvarer.

For at det skal bli lettare å finne dei kulinariske opplevelsane på Voss har vi laga ei oversikt over serveringssteder som har minimum 25% lokalmat på menyen. 

Velbekomme!

 

Store Ringheim Hotell og Restaurant 

Store Ringheim, Dronebilde

Menyane våre utover året vil spegla råvaretilgangen og kortid dei ulike råvarene har best kvalitet. Kokken vår sett saman ein spanande meny, med gode lokale råvarer. Mykje godt og ureist frå Finne Gard, Dugstad Gard, Selheim Gardslakteri og Gjerdåker. Velkommen innom for ei smaksoppleving!

Myrkdalen Hotel

Pizza i Tunet restaurant i myrkdalen

På Myrkdalen Hotel finn du heile tre gode restaurantar med ulike konsept. Til felles byr alle på smakfulle rettar laga av reine, lokale råvarer. Finn din favoritt, anten det er steinovnsbakt pizza med familien i Tunet eller ein finare trerettar meny i Restaurant Nuten. Ynskjer du ei sosial matoppleving med venegjengen? Sjekk ut Nuten Fondue.

Elva Restaurant

Elva restaurant, sommar

Kjøkkensjef Piotr og hans team skapar dei lekraste rettar frå lokale og ferske råvarer frå vår region. Vi samarbeider tett med lokale bønder og produsentar. Berekraft og dyrevelferd er viktig for oss. Menyen vert endra gjennom året basert på sesongens tilgang på råvarer, samt at enkelte rettar kan endrast dagleg.

Vossakjøt

vossakjøt på stand og innklipp av spekemat og steikepølser

Vossakjøt er smaken av førsteklasses råvarer og lokale foredlingstradisjonar. Me får kjøtet frå utvalde slaktarar som er like stolte av sitt fag som me er av vårt, og behandlar det med metodar som er perfeksjonerte gjennom generasjonar. Prøv vossakorv, eldhuskorv og andre smakfulle spesialitetar. Mange av dei lokale restaurantane har Vossakjøt produkt på menyen og i dei fleste lokale butikkane kan du kjøpe med dei ei rekke smakssuvenirar. 

Vossakjøt, Vossalaks, Vossaost, Vossabrygg, Hardanger brygg og Vossavatn har mykje å bidra med for å ivareta mat og drikke tradisjonen på Voss. Les meir om alle satsingaområda til Vossakjøt på heimesida deira: https://www.vossakjot.no

Voss Vandrarheim

Voss Vandrarheim sett frå finnegarden på Voss

Frå midten av juni til ut august, blir det servert dagleg heimelaga mat i sommarrestauranten. Vandrarheimen samarbeider med Finnegarden og serverar kun økologisk frukt & grønt. Brødet er også baka på Voss.

Hangurstoppen Restaurant

Hangurstoppen restaurant, på toppstasjonen til Voss Gondol

Hangurstoppen Restaurant er med sine 450 sitteplassar og to etasjar, Voss sin største restaurant/kafè og afterski. Me har stort fokus på heimelaga mat av lokale råvarer. Menyen vår endres med sesongen og er prega av det enkle og rustikke, med gode smakar som varmer. 

Kom og prøv våre varme og kalde retter, samt noko godt i glaset eller koppen!

Smalahovetunet

Smalahove servert med tilbehør

Smalahovetunet Voss er ei familieverksemnd på garden Løne på Voss. Smalahovetunet er den einaste smalahoveprodusenten i landet. I tillegg til smalahove lagar dei pinnakjøt, rullepølse, korv og mange andre tradisjonsrike kjøtprodukt. Varene får du kjøpt i gardsbutikken og nettsida deira. Smalahovetunet har også flotte lokale som gjev den perfekte ramma for festlege lag. I Stabburet frå 1700-talet, Grindabygget eller Laoen kan ein få servert smalahove, pinnakjøt, rjomegraut, spekemat, flatbrød og alt som høyrer til. Det er også mogeleg å få omvisning på smalahovefabrikken.

Vossakringlo

Ansatte bak disken på kringlo

Kringlo har påsmurde baguetter, kaker, boller, brød og kaffi i mange variantar. Det meste er lokalt frå Voss og Hardanger. 

Voss Fallskjermklubb

Landinga café hos Voss Fallskjermklubb

Landinga Café ligg på basen til Voss Fallskjermklubb, i Bømoen. Caféen er ope 07:30-19:00 kvar dag, heile sommaren!

Bedrifter som er tatt med i denne oversikten har minst 25% lokalprodusert mat og/eller drikke. Dvs mat og drikke av lokale råvarer og/eller lokale produsentar på Voss eller i vår region (Hardanger, Sogn, Bergen og omegn). 

 

Aktiviteter som bygger opp appetitten

<% totalFilter %> filter applicerade