Mat og drikke
Voss er godt kjend i heile landet for spesialitetane sine innan den norske matkulturen - som smalahove og vossakorv. I gamle dagar vart alt kjøtet på Voss røykt så det skulle halda lengst mogleg, og i dag har det sprunge ut fleire festrettar frå desse tradisjonane. I dag ynskjer me å vera kjend for god kvalitet, kortreist mat og lokale råvarer. Me har eit lokalt bryggeri på Voss - Voss Fellesbryggeri, som lagar mykje godt øl som passar godt inntil maten. Dei opnar også dørene for ølsmaking. Vil du læra meir om dei unike bryggetradisjonane på Voss kan du ta turen til Eldhuset Dale, som bryggar på tradisjonelt vis. I tillegg finn du ein av nordens beste vinkjellarar midt i Voss sentrum hjå Park Hotel Vossevangen.
På Smalahovetunet kan du få tak i smalahove heile året. Dei har også ein liten butikk på garden, så du kan kjøpe med deg nokre godbitar heim. Vil du smaka på lokalt kjøt kan me også anbefale komletorsdag på Vangen Café, med vossakorv og kjøt frå Selheim gard.
Spiseguiden
Lurar du på kvar du skal ta ditt neste måltid? Les vår spiseguide.
På den fleire hundre år gamle garden Store Ringheim, som no er hotell og restaurant, kan du få ei unik matoppleving i restauranten FLOR'n. Her sitt du rett og slett og et middagen din i det som var fjøset i gamle dagar. På Restaurant FLOR'N får du spennande lokale smakar på menyen, som vert endra etter sesong og råvaretilgang.
Lokalmat frå Voss, på Voss
Mange restaurantar og caféar er svært gode på å nytte lokale råvarer. Sjå vår oversikt her: