VINTER PÅ VOSS

Er du på jakt etter eit vintereventyr for heile familien, er Voss plassen for dykk. Me kan by på 2 av Vestlandets største skiresortar,
badeland, bowling- og leikeland og vindtunell for å nemna noko. 
For skientusiasten er det milevis med snødekte fjell og pudder når forholda er gode.

Velkommen til ski- og familiebygda Voss!

Vinteren i ekstremsportbygda byr på mange nye opplevelser. Er du interesser i toppturer på randonee, trugeturer, vindtunell, langrenn eller ein ski in/ski out ferie? Då er Voss plassen for deg. Kom aleine, ta ein romantisk tur med kjærasten, leig ei hytte med heile vennegjengen eller nyt litt luksus med familien. Her kan du få inspirasjon til ulike vinteraktivitetar og planlegge ditt neste vossabesøk.

Les våre tips til familieferien i vinter

Youtube video image

2 av Vestlandets største skiresortar

Voss er eit vintereldorado utan sidestykke. Her finn du to av dei største skisentera på Vestlandet - Voss Resort og Myrkdalen. Til saman har dei nesten 70 kilometer med alpinløyper for alle nivå, 20 skiheisar, spennande frikøyringsterreng og familievennlege barneområde.

Myrkdalen

Tenk om du kunne dra på skiferie til eit pudderparadis med tilbod til absolutt alle, uansett nivå. Der løypene alltid er nypreppa og urørt nysnø berre er nokre stavtak unna. Alt dette og meir til finn du i Myrkdalen – Vestlandet sitt eige vinterparadis.

Mykdalen

Voss Resort

Voss Resort er eit av Vestlandets største skisenter. Her finn du heile 40 km med preparerte løyper for alle nivå i tillegg til fleire spanande off-piste område. No kjem det du deg direkte frå togstasjonen og opp til skianlegget på under 9 minutt.

Voss Resort

Topp 3 aktivitetar utan ski på beina

Herjar vestlandsvêret som verst, treng støle bein ein aldri så liten pause eller er står du rett og slett ikkje på ski eller snowboard?
Her er våre beste tips til dei aller beste inneaktivitetane på Voss.

Les meir her
 

Foto:
Sven Ove Bøe
Utsikt frå gondolen mot Hangurstoppen Restaurant.
Foto:
Jon Hunnålvatn Tøn
Mor og son skubbar kvarande av hinderløypa i Vossabadet.
Foto:
Sverre F. Hjørnevik
Tre barn står i skibakken og får opplæring av to jenter frå skiskulen.

Skientusiasten

Voss bør vera på alle skientusiastar si reiseønskeliste. Til og med heisbasert frikjøring er ekstremt bra på Voss, på grunn av det varierte og leikne terrenget.
Her får du tips til korleis du kan få inn meir ski i kvardagen, fleire skiferiar og få maks ut av skisesongen. 

 

Dei beste løypene på Voss

Om du er ein skientusiast på jakt etter dei beste nedfartane på Voss har du komme til riktig plass.

Ski på Voss

 

Klaus Finne sine pudderfavorittar

Besøkjer du skianlegget midt i veka, kan du ofte få snøen heilt for deg sjølv.

Klaus Finne Voss Ski

 

Trygge toppturar i Vossafjella

Ny i topptur-gamet? Her er tips til fem trygge toppturar med flott skikøyring i fjella kring Voss.

Topptur Voss

 

Langrenn og fjellski på Voss

Her er ein oversikt over dei finaste langrennsløypene på Voss, for tur og trening. På Voss kan du gå på langrenn mellom snøkledde trær eller oppe i høgden med fantastisk utsikt.

 

Overnatting på VOSS

Treng du overnatting på Voss?
Velg mellom hotell, hytter, vandrarheim, camping eller kanskje ei unik overnatting - her er det mykje å velga i! 

 

<% totalFilter %> filter applicerade

Lokalmat frå VOSS

<% totalFilter %> filter applicerade