Vangen
Skandinavisk Høyfjellsutstyr
Lindas Helsekost
Kari Traa-butikken

Shopping på Voss: klesbutikkar, lokalmat og unik handel i Voss sentrum

Voss sentrum vert kalla for «Vangen», og her finn du sportsutstyr, kunst, klede, koselege kafear, restaurantar og ulike nisjebutikkar. Vangen har det meste - korte avstandar, stort utval, og ein god atmosfære. Nokre minuttars gange frå Vangen finn du Thon Senter Voss, som er det einaste kjøpesenteret i regionen med ca 30 butikkar. Lokalmat kan du handla direkte hjå bonden, frå eit gardsutsal som t.d. på Smalahovetunet og Voss Gardssmat, eller hjå ein av aktørane i sentrum. 

Klær, sport og fritid:

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Heim, gåver og interiør:

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Helse og velvære:

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Mat og daglegvare:

<% totalFilter %> filter applicerade

Mat og drikke på Voss

Her finn du god lokalmat og mat av lokale råvarer. Sjå alle tilbod på "Mat og drikke på Voss"

<% totalFilter %> filter applicerade

Ofte stilte spørsmål om handel på Voss

Voss sentrum, som vossingane kallar Vangen, har butikkar for klede og sko, sport og friluftsliv, interiør, gåver, helse og lokalmat. Dei fleste ligg langs Vangsgata på Vossevangen, i kort gangavstand frå Voss stasjon.

Butikkane på Vangen:

  • Klede og sko: O.K. Loven (dame og herre), B.Young, Janus (ullklede), Flor (arbeidsklede for kvinner) og Dyrdal Sko
  • Sport og friluftsliv: Endeve Sport, Skandinavisk Høyfjellsutstyr og Kari Traa-butikken
  • Interiør og heim: TeBe interiør, Møbelringen Voss, Jernia Rokne (jernvare) og bruktbutikken Fretex Voss
  • Bøker, gåver og hobby: Norli Vossevangen, Mestergull Sylvsmidja (bunadsølv og smykke), Garn Senter og Fotograf Senderud
  • Apotek og optikar: Vitusapotek Vossevangen, Apotek 1 Voss, Alf Opheim Optikk og Synssenteret Voss
  • Helse og velvære: Voss Hud og Helseklinikk (hudpleie, fotpleie, spa og klede) og Lindas Miljøvarer og Helsekost
  • Lokalmat og bakst: landhandleriet MatAuk og handverksbakeriet Vossabakst
  • Kvardagshandel: daglegvarer og Vinmonopolet

Kjedebutikkar under eitt tak finn du på kjøpesenteret Thon Senter Voss på Haugamoen, nokre minutt å gå frå Vangen. Sjå alle butikkane på kartet over.

Ja! Thon Senter Voss er det einaste kjøpesenteret i regionen og har om lag 20-30 butikkar. Det ligg i gangavstand frå Voss stasjon og Vangen, så det er lett å kombinera sentrumshandel med ein tur innom kjøpesenteret same dag.

Voss er ein veldig god stad å handla friluftsutsyr. Skandinavisk Høyfjellsutstyr er ein spesialistbutikk med brei kompetanse og godt utval for tur, klatring og friluftsliv. Kari Traa-butikken er eit must for den som vil ha norskdesigna sportsutstyr – Kari er sjølv oppvaksen på Voss og ein legende i norsk idrett. Hjå Endeve har dei eit stort utval av ski, jakt, fiske- og turutstyr, og alt du treng for hobbyar som fotball, tennis, dart, osv. Endeve har ei eigen sykkelbutikk og ein eigen butikk for borneklede i Voss Sentrum.

Du kan handla lokalmat fleire stader på Voss. MatAuk – kafé og landhandleri i sentrum, sel varer frå lokale bønder. Her finn du t.d. kjøtt frå Een gard, honning frå Ulvik og Vossabia sine kjente produkt. I tillegg finn du gardsutsal rundt i heile Voss-regionen, mellom anna på Smalahovetunet og Voss Gardssmat, der du kan handla direkte frå bonden. Sjå vårt kart over lokalmat og gardsutsal. 

Ja, det er fleire parkeringsmoglegheiter i Voss sentrum. Du finn to parkeringshus, med langtidsparkering, i kvar ende av Vangen: Vossapark og Stasjonsgarasjen. I tillegg er det kortidsparkering langs heile Vangsgata.

Thon Senter Voss har eige parkeringsanlegg. Her står du 2t gratis. 

Kjem du med tog, er Voss stasjon sentralt plassert med kort gangavstand til både Vangen og kjøpesenteret.

Øl, sider og andre drikkevarer med opptil 4,7 % alkohol kan kjøpast i daglegvarebutikkar. Salstider varierer frå kommune til kommune, men på Voss kan slike varer vanlegvis kjøpast fram til kl. 20:00 på kvardagar og kl. 18:00 på laurdagar. Det er ikkje lov å selje alkohol i butikk på sundagar eller heilagdagar.

Vin, brennevin og andre drikkevarer med meir enn 4,7 % alkohol kan berre kjøpast hos Vinmonopolet. Næraste Vinmonopol finn du i Voss sentrum. Vinmonopolets opningstider varierar, laurdagar stenger dei t.d. kl 16:00.  Adresse: Sverresplassen 6, 5700 Vossevangen.

Aldersgrensene for kjøp av alkohol i Noreg er:
18 år for drikkevarer med opptil 22 % alkohol
20 år for drikkevarer med meir enn 22 % alkohol

Hugs å ta med gyldig legitimasjon. Mange butikkar og Vinmonopol ber om legitimasjon dersom du er under 25 år.

Ja. Gåvekortet frå Voss Sentrum kan brukast i over 20 butikkar, kafear og andre bedrifter i Voss sentrum, og mottakaren vel sjølv kva gåva skal bli. Du kjøper det på nett eller på Voss Turistinformasjon ved Voss stasjon.

  • Beløp: frå 10 til 10 000 kroner
  • Format: Visa-kort i Apple Wallet eller Google Wallet (betal med mobilen), digitalt gåvekort med QR-kode eller fysisk kort
  • Gyldigheit: 12 månader frå kjøpsdato. Saldo som står att etter det, vert sletta.
  • Saldo: sjekk i appen Mine Gavekort eller på saldo.app
  • For bedrifter: kjøp så mange kort de vil, til dømes til tilsette eller kundar, og betal med kort eller faktura (EHF)

Sjå alle bedriftene som tek imot gåvekortet