Attraksjonar på Voss
Voss - med røter og vengjer. Utforsk natur, kultur, historiske bygningar eller moderne opplevingar; kva vil du utforska først?
Vil du djupdykka i historia vår, kan du lesa om Voss gjennom tidene i denne artikkelen: Voss - ei mangfaldig bygd.
Naturattraksjonar
Om du vil koma tett på naturkreftene, anbefaler me å besøkja nokre av fossane som omringar Voss - som Tvindefossen eller Skjervsfossen. Bordalsgjelet ligg i gåavstand frå sentrum, der får du sjå korleis isen har forma landskapet gjennom tusenvis av år. Ein tur ned Stalheimskleiva på sommaren er også eit must!
Kulturattraksjonar
Voss har også ei rik kulturhistorie - og den er heldigvis godt ivareteken. På Finnesloftet, som er den eldste profane trebygninga i Noreg, kan du oppleva ein gildesal frå middelalderen - år 1295! Eitt besøk i Vangskyrkja frå år 1277 er også å anbefala. På Voss folkemuseum på Mølstertunet står klyngetunet akkurat slik det gjorde då folk budde her og dreiv gardsbruk for fleire hundre år sidan. Eit fantastisk innblikk i historia vår!
Museum, galleri og utstillingar i Vossaregionen finn du her:
Verdt å få med seg:
Kulturvandring
Utforsk nokre av statuane i bygda på ein heilt ny måte! Gjennom vår kulturvandring kan du høyre om bakgrunnen til dei ulike personane frå dei sjølve. Følg ruta vår og spel av dei KI genererte videoane for ei annerledes kulturvandring.
Voss Aktivitetspark
Voss Aktivitetspark er ikkje berre eit samlingspunkt for store og små, parken har også vunne pris for landskapsarkitekturen.
Bømoen Leir

Bømoen Leir er ein tidlegare militærleir på Voss, lokalisert langs Bømoløypa. Leiren er også nytta som base for Kompani Lauritzen og Tropp. Her kan du gå mange fine fotturar eller gå i fotspora til rekruttane i Kompani!
Her finn du fleire attraksjonar på Voss:
Aktivitetar tett på natur og kultur
Leik gjennom natur og aktivitet er ein stor del av kulturen på Voss, enten du er i skibakken, inne i vindtunnelen, eller i den urørte fjellheimen.
Her er nokre opplevingar du bør få med deg på Voss:
Matbygda
Det er utruleg mange gode restauranter og matopplevingar å få med seg på Voss. Fleire har fokus på lokalmat og kortreiste råvarer.
Her er eit utval restauranter og kaféar med minimum 25% lokalmat på menyen.
Guida turar
Mange aktørar på Voss tilbyr guida turar rundtom i bygda. Dette er ein fin måte å lære litt om plassen ein besøkar.
Vi har også mange museum og utstillingar i bygda som er verdt eit besøkt.
Bla i aktuelle turar her, eller kontakt operatørane for skreddarsydde turar:


