Youtube video image

Ta teambuilding, møter og konferanse til eit nytt nivå!

Voss for teambuilding, møter, kurs og konferanse.

Voss er eit perfekt reisemål for bedriftsgrupper. Me har lang erfaring med alle typer firmatur og aktivitetsleverandørane tilbyr skreddarsydde opplevelser for grupper. 
Voss ligg også lett tilgjengelig med tog og i bygda har me stort fokus på miljø, vertskap og lokalmat. 

Treng du ein presentasjon som viser eit utval av aktivitetar og kapasitet finn du det her "Presentasjon MICE". 

Sjå også vårt aktivitetskart, for å få oversikt over kvar i bygda dei ulike aktivitetane er.

 

Transport

Det er enkelt å dra til Voss. Bygda er eit knutepunkt for tog og buss og ligg sentralt plassert midt på Vestlandet. Frå togstasjonen er det berre nokre meter å gå til nærmaste hotell og til gondolen. Er de ei større gruppe kan de chartre eit eige tog eller ei eiga vogn, og få eit skreddarsydd opplegg for reisa. Voss ligg mellom Oslo og Bergen langs E16 i vegnettet aust/vest og langs innlandsruta sør/nord RV13 mellom Sandnes og Balestrand.

Flesland BOG er den nærmaste flyplassen og ligg ca 2 timar unna.

Togbillettar kan kjøpast på vy.no og her finn du òg togtider og prisar. Flåmsbana har eigne togtider. Det er mange daglege avgangar frå Oslo og Bergen til Voss.

Frå Bergen: 1 time og 10 minutt
Frå Oslo: 5 timar 25 minutt
Frå Flåm: 1 time 45 minutt

Voss Stasjon
Voss Stasjon er navet for kollektivtrafikk i bygda. Her kan du leige el-sykkel frå VossaBike (sommarhalvåret), lokale bussruter har utgangspunkt ved togstasjonen, her finn du også Voss Gondol, og på gatenivå finn du Voss Turistinformasjon.

 

Skreddersydde opplevelser

På Voss har me lang erfaring med teambuilding, arrangement og skreddersydde opplevelser. Her er nokre døme på aktivitetar du kan ta med firma eller gruppa di på. 

Ta kontakt med Visit Voss eller direkte med den aktivitetsleverandøren du ønsker å besøke så finn me ei løysing. 

Treng du bilete av Voss finn du eit stort arkiv på vår Imageshop: Voss - Imageshop

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Miljøhensyn

Voss er ein reiselivsdestinasjon som legg stor vekt på eit berekraftig reiseliv. Saman med reiselivet på Voss jobbar Visit Voss målretta med berekraft i alle ledd. Voss fekk tildelt merke for «Bærekraftig Reisemål» juni 2021. Voss har stort fokus på bl.a. universell utforming og eit reiseliv tilgjengeleg for alle, lokal verdiskaping - heile året, transportløysingar for framtida og lokal og kortreist mat. Visit Voss er også sertifisert som Miljøfyrtårn.

Eit konkret tiltak som er veldig viktig både for oss, heradet og dei besøkande er "Voss - eit reisemål for all". Tiltaket skal løfta fram fokuset på universell utforming og tilpassing av aktiviteter. Nedsatt funksjonsevne skal ikkje vera eit hinder for å oppleve Ekstremsportbygda Voss. 

Les om "Voss - eit reisemål for alle" her.

Les meir om merkinga og konkrete tiltak her.

 

Møter og konferanse

På Voss kan du velge mellom moderne hotell med topp standard på alt av teknologi, unike og spennande lokasjonar som Hangurstoppen 818moh eller kanskje i ein resturert låve? Enten du skal arrangere ein større konferanse eller berre treng eit møterom finn du det på Voss. 

Scandic Voss

Da vetle, chambre séparée

Foto:
Scandic Voss
Møterom på Scandic Voss

Voss Resort

Møterom på 818moh med Voss si beste utsikt

hangurstoppen restaurant

Myrkdalen

Konferanse og møterom

Folk på konferanse i Myrkdalen

Scandic Voss

Fleksibelt kontorløysinger

Foto:
Scandic Voss
coworking workspace på scandic voss

Store Ringheim Hotel og Restaurant

Autentisk lokale for kurs og møte

kurs- og møterom på store ringheim

 

Overnatting

På Voss har me fleire sentrumsnære hotel som ligg sentralt ved Voss Stasjon. Ein finn også alternativ som sjølvhushaldhytter, boutiqe hotel og Myrkdalen hotel. 

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Mat og drikke

Matkulturen står sterkt på Voss og bygda vår er kjent for nettopp dette. Ei reise til Voss byr på unike kulinariske opplevingar. Dei fleste restaurantane brukar lokale råvarer og kortreist mat når dei serverer heimelaga og tradisjonsrike rettar. Vangen Cafè og Flor'n på Store Ringheim er blant dei som nytter lokale råvarer og leverandørar. 

Voss har også lange tradisjonar innan ølbrygging, noko som framleis vert halde i hevd. Dei fleste som har serveringsløyve har eit godt utval av lokal drikke og hjelper deg gjerne med å finne noko godt. Fleire av bryggeria tar imot besøk, til dømes Voss Bryggeri og Voss Fellesbryggeri.

På Voss finn du også eit av verdas beste og største vinkart hjå Park Hotel Vossevangen

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Vossavert

Me ynskjer at ditt besøk på Voss skal vera 10/10. Vossavert er Visit Voss og Voss Sentrum sitt vertskapsprogram. Gjennom programmet utviklar me kunnskapen i heile bygda og har opplæring for alle tilsette i medlemsbedriftene våre. Slik får alle god kjennskap til kva dei andre tilbyr. Dei som driv med aktivitet kjenner til dei ulike restaurantane og dei som jobbar i butikkane i sentrum har full kontrol på dei ulike hotelltilbuda.