Topp 5 familieaktivitetar i ekstremsportbygda Voss 

Bygda er kanskje fylt av ekstremsportutøvarar og lokale våghalsar, men byr så absolutt også på aktivitetar for alle små og store eventyrarar. Under får du tips om opplevingar din familien bør få med seg på Voss i sommar!

Familierafting

familierafting i Vosso

Elva Vosso er perfekt for familieturar, her raftar vi ca. 7 km med morosame og sikre elvestryk. På familierafting får ein prøva både store og stødige raftingbåtar og små tomannsraftar (duckies), for dei som vil ha ei større utfordring. Mykje bading og moro for alle! Aldersgrense fem år.

Voss Klatre og Ziplinepark

gutt i klatreparken på voss

Bli med på ei eventyrleg reise gjennom tretoppane, i ein av landets flottaste klatreparkar. Klatreparken har 6 løyper med varierande vanskegrad. Du kan også prøva deg i ein eigen ziplinepark, der den lengste ziplinen er 150 meter og følgjer elvestryka nedover! Familievenleg aktivitet med varierte og morosame utfordringar for alle!

Voss Vind

jente flyr med instruktør i voss vind

Fly som supermann i Noregs første vindtunell. Flyging i tre minutt tilsvarer fire fritt fall frå fly i 12.000 fots høgde! Du får instruksjon i førekant, leige av utstyr og ein instruktør som er med deg heile tida inne i tunnelen. Ein treng ingen forkunnskapar for å fly hjå Voss Vind. Det er heilt trygt, berre frykteleg spennande. Aldersgrense 5 år.

Youtube video image

Guida MTB familietur

guidet mtb på voss

Sykkeltur på kuperte stiar og grusvegar. Bømoen er kjent frå Kompani Lauritzen og er eit av dei beste friluftsområda på Voss. Det er godt brukt av Vossingane, både sommar og vinter. Med eit variert terreng kan både erfarne og nybyrjarar få morosame turar. Denne turen inkluderer ein terrengsykkel med fullfjæring, aldersgrense 4 år.

Gondol

barn i gondolen som ser på utsikta over voss

Ein tur med Voss Gondol er ganske spennande i seg sjølv. Legg du til at toppstasjonen er startpunkt for paragliderpilotane i bygda, blir det ekstra spennande for store og små. På finversdagar kan du sjå drøssevis med paragliderar i lufta! For å toppe opplevinga hiv kanskje far eller mor seg utfor kanten i eit tandem paragliderhopp?

Bonustips: Myrkdalen

barn på pumptracken i myrkdalen, voss

Rett ved Myrkdalen Hotel finn du ein 850 kvm pumptrack, hopp- linjer i ulike vanskegradar og ei kort sykkelløype med ulike element retta mot born og nybyrjarar.  I pumptracken kan ein bruka alt frå skateboard, sparkesykkel, tre-hjul sykkel og vanleg sykkel. Tilbodet er døgnope og gratis for alle. Ikkje plass til sykkel i baggasjen? Då kan du leige sykkel hjå Myrkdalen Sport & Utleige.

Opplev stemninga hjå europas største fallskjermklubb!

Hjå Voss Fallskjermklubb /Skydive Voss finn du ein koseleg kafé og Voss sin største og flottaste leikeplass. For dei minste er det spennande nok å sjå fallskjermhopparane i aksjon, og fly som lettar og landar eit steinkast unna. Dristar mor eller far seg til eit tandem fallskjermhopp, blir det ei stor oppleving for heile familien. Fallskjermklubben er også eit flott utgangspunkt for turar til fots og på sykkel, med stiar i barnevenleg og flatt terrenget rundt seg.

Voss fallskjermklubb

Ps:

•    Ekstremsportveko vert arrangert siste veka i juni kvart år, mange kjekke aktivitetar for born og unge har vorte lagt til i festivalprogrammet dei siste åra!
•    Aktivitetane over er tilgjengelege mai til oktober
•    Juli er ein svært travel månad på Voss, mange aktivitetsbedrifter har lange ventelister denne månaden. God kapasitet og ekstra gode prisar får du i mai-juni og august-september.

 

Fleire familieaktivitetar:

<% totalFilter %> filter applicerade