Vossakveiken tek verda med storm

Interessa rundt den norske tradisjonen veks fram i heile verda

– Ølet har spelt ei viktig rolle i kulturen vår, og dette brenn eg for å vidareføra, seier ølbryggar Kjetil Dale. I det gamle eldhuset på Dale har han opna dørene for fascinerte ølentusiastar, forskarar og turistar frå heile verda.

Den brennande interessa for ølbrygging tok til for om lag ti år sidan, då odelsguten Kjetil Dale kom heim til familiegarden utanfor Voss for å pussa opp og ta over småbruket.

– Då eg var liten og besteforeldra mine budde her, hugsar eg at eldhuset på tunet vart brukt til baking, tørking og salting av kjøt og sviing av smalahove. Sidan bestemor døydde tidleg på 2000-talet har det stort sett vore brukt som lagringsrom. Då eg rydda ut av eldhuset fann eg nokre store, gamle koparkjelar, som oldefar min Mons brygga øl i, fortel Dale.

Kjetil bestemte seg for å ta opp att ølbryggingstradisjonen, som hadde hoppa over eit par generasjonar på familiegarden.

Opplev stemninga i eldhuset

– Eg hadde aldri brygga øl for, men eg har alltid vore oppteken av den gamle bondekulturen, tradisjonar og historie. Det var veldig spanande å læra om dei rike øltradisjonane på vestlandet, og dei siste ti åra har eg halde fram med å fordjupa meg i emnet, seier Dale.

 


Hjartet av garden, eldhuset

Særeigen Vossakveik

Såkalla gardsøl, heimabrygg eller Vossaøl har vorte brygga i uminneleg tid på gardane på og rundt Voss. Det som gjer ølet unikt i verdssamanheng er ølgjærsoppen som er brukt, kalla kveik.

– Kveiken er ein særeigen, hardfør gjærkultur som har vorte temma og tilpassa mennesket over veldig lang tid – sannsynlegvis stammar den heilt frå vikingtida. Den har fleire spesielle eigenskapar som er spanande for ølbryggarar: Den toler langt høgare temperaturar enn vanleg gjær, den kan overleva fleire år i tørka tilstand, og den gir ein fruktig og nestan tropisk smak og aroma til ølet, fortel Dale.

Delta på bryggekurs

Det vert framleis skrapa gamle bryggekjeler rundt på vestlandet på jakt etter overlevande kveikvariantar.


Lanbruket har alltid hatt ei sentral rolle på Voss, men ølbrygging på gamlemåten har vore nær utryddingstrua

Kulturhistorisk skatt

Det er ikkje berre Dale som har lete seg fascinera. Forskarar på NTNU, amerikanske ølspesialistar og ølhundar frå verda over har fått augo opp for kveik dei siste åra. Kveiken har vorte omtala som "kulturhistorisk skatt", og ein snakkar om mogelegheita for å gje kveik Unesco-status.

– Eg har hatt fleire utanlandske turistar på besøk, og journalistar, ølskribentar og entusiastar frå fjern og nær. No nyleg var eg i kontakt med ein gjeng frå Alversund, som var på bryggekurs hjå meg for eit års tid sidan. Dei vart tydelegvis inspirerte, for hadde dei skaffa seg bryggekjele, lafta seg eldhus og starta "Strilakveik"! Det er kjekt å kunne vera til inspirasjon og vera med å sørga for at tradisjonar lever vidare, fortel Kjetil Dale.

Påbydd ølbrygging

Ein ting er sjølve gjærsoppen og dei tekniske aspekta ved ølbrygging, men Kjetil Dale er minst like oppteken av å formidla og vidareføra den kulturhistoriske betydninga til drikka.


Kjetil Dale gjer klar til mesking, ein del av prosessen.

 

– Går du tilbake til 1200-talet hadde me faktisk gulating- og frostatingslova som sa at det var forbodet før bønder å ikkje bryggja øl! Drikka var ein viktig ingrediens ved fleire høve, som barseløl ved fødsel, gravøl for å heidra dei som gjekk bort, og det var obligatorisk å skåla med øl ved avtalefesting. Øl har spelt ei viktig rolle i kulturen vår, og dette er det eg brenn for å vidareføra, seier Dale.

Opne eldhusdørar

Det var fyrst i fjor at Kjetil Dale opna eldhusdørene for besøkande for alvor, og sidan då har han hatt folk innom på bryggekurs.

– Det er fint å kunne gjera eldhuset til hjartet på garden igjen, slik det har vore i tidlegare tider. No tilbyr eg fullt bryggekurs, der deltakarane kjem og er med på heile bryggeprosessen over ei helg, med overnatting i Gamlahuset. Ellers arrangerer eg litt enklare eldhusopplevingar over nokre timar, med prøvesmaking av øl og kjøt og trekking av einerlåg.

Fleire kulturopplevingar:

<% totalFilter %> filter applicerade