to damer ser på utsikten mot Voss sentrum

Merket for berekraftig reisemål

tidslinje over merking og remerking, som berekraftig reisemål

I 2021 fekk Voss merket for berekraftig reisemål gjennom Innovasjon Norge sin merkeordning. Hausten 2024 vart me remerka for tre nye år. Merkeordinga og Voss sin reiselivsstrategi forpliktar Voss til å jobbe kontinuerleg med sosial, økonomisk og miljømessig berekraft.

Merkeordninga legg vekt på dei ti prinsippa for eit berekraftig reiseliv:

Bevaring av natur, kultur og miljø:

Kulturell rikdom
Naturmangfold
Klimautslipp og -tilpasning
Rent miljø og ressurseffektivitet

Styrking av sosiale verdier:

Lokal besøksstyring
Lokal livskvalitet og engasjement
Jobbkvalitet for reiselivsansatte
Gjestetilfredshet, trygghet og opplevelseskvalitet

Økonomisk levedyktighet:

Økonomisk levedyktige og konkurransedyktige reisemål gjennom lokal verdiskaping
Økonomisk levedyktige og konkurransedyktige reiselivsbedrifter
 
Les meir om merket for berekraftig reisemål her.

Les vår Berekraftsrapport 2024 - 2026 her.

Innbyggjarundersøking

Som ein del av berekraftsarbeidet gjennomfører Visit Voss annankvart år ei innbyggerundersøking. Her tek me temperaturen på kva vossingane tykkjer om turismen i bygda. 

Positive sider oppsummert

Ordsky av positive sider ved reiselivet på Voss

Utfordringar oppsummert

Ordsky av utfordringer ved reiselivet på Voss

Undersøking fekk om lag 1200 svar både i  2022 og 2024, og me får eit godt bilete på kor skoen trykker knytt til turismen. Det er gledeleg at 77 % av vossingane er positive til reiselivet, og ser verdien i form av arbeidsplassar, eit levande sentrum og mangfaldig aktivitetstilbod.  Det er ein svak nedgang i tilfredsheit med turismen frå 2022 til 2024, og det vert peika på utfordringar med mellom anna auka bustadprisar, slitasje i naturen, køar og trafikkfarlege situasjonar  og utfordringar i ulike pressområde.
 
Les resultata frå undersøkingane her:
Innbyggjarundersøking 2024
Innbyggjerundersøking 2022

Destinasjonsleiing

Destinasjonsleiinga skal vera ein pådrivar og bidragsytar for å gjennomføra reiselivsstrategien. For å styrka arbeidet med Voss sin reiselivsstrategi og ta betre vare på natur og lokalbefolkning vart det i 2024 satt saman ei formell destinasjonsleiing.

Destinasjonsleiinga er leia av Voss herad, og har mellom anna ansvaret for å jobba fram gode løysingar på dei utfordringane me ser med turismen. Destinasjonsleiinga er satt saman av eit breit utval aktørar i reiselivsnæringa, bondelag, grunneigarlag, turlaget med fleire.