Foto:
Jon Hunnålvatn Tøn, Hunnalvatn Media
Voss Gondol med utsikt over fjellene

Voss - Berekraftig Reisemål

Visit Voss og Voss herad mottar diplom for merketordninga av kulturminister og innovasjon norge, på scena under opninga av veko 2021
Foto: Visit Voss og Voss Herad får tildelt merke og diplom under opninga av Ekstremsportveko 2021

Innovasjon Norge har tildelt Voss Merket for berekraftig reisemål

– Det har vore eit breitt ønske frå politikarar og næringslivet at vi går i samla flokk for ei meir berekraftig utvikling. Turistane har auka fokus på berekraft, og merket kan bidra til auka attraktivitet for Voss. Voss er ei naturperle som tiltrekker seg menneske frå fjern og nær. Vi lever av naturen. Då har vi rett og slett eit ansvar for å ta vare på han, seier Benedicte Watvedt Skaug, prosjektleiar for Visit Voss.

Visit Voss har hatt det overordna ansvaret for arbeidet med merkeordninga som starta hausten 2018.

Voss fekk overrekt diplom for oppnådd milepæl av kultur- og likestillingsministeren Abid Raja under opninga av Ekstremsportveko 2021. 

I tillegg til Visit Voss har ei styringsgruppe med sentrale aktørar frå reiselivsnæringa, andre næringar og kommunen bidratt med innspel og innsikt. Kommunen har òg vore tett påkobla gjennom prosjekt og statta det økonomisk. I alle planar og nye reisemålsstrategiar i Voss herad ligg FNs berekraftsprinsipp til grunn. Utviklingsjobben er òg søtta av dei lokale bankane.

vandring i myrkdalen, sommar landskap og utsikt mot vik
Foto: Vandring i Myrkdalen

– På Voss er reiselivet den største næringa. Skal du gjera Voss berekraftig, må du gjera reiselivet berekraftig. Derfor har det vore heilt riktig for oss å prioritera jobben med å bli merka. Vi har ambisjonar om å bli ein «Grøn destinasjon», til beste for Voss og til inspirasjon for andre. Det er imponerande kva vi har fått til saman og kor godt alle har samarbeidd. Nøkkelen for framtida, er samarbeid for eit berekraftig reisemål, meiner Hans-Erik Ringkjøb, ordførar på Voss.

Fakta om ordninga:
Merkeordninga for berekraftige reisemål er utvikla av Innovasjon Norge i eit breitt samarbeid med reiselivsnæringa, og er som eit utviklingsverktøy for berekraftig destinasjonsutvikling. 

For å oppnå merket fyrste gong må reisemålet bevisa at det jobbar målretta for å tilby unike opplevingar på grunnlag av kulturen til staden, historie, ressursar og kulturarv, samtidig som ein jobbar med å avgrensa den negative effekten turisme kan medføra. Arbeidet er òg måten reiselivet samlar data og indikatorar som inngår i rapportering om FNs berekraftsmål.

Merkeordninga bygger på internasjonale standardar for korleis eit reisemål kan sikra betre grep om eiga retning og utvikling i eit samspel mellom reiseliv, kommune og lokalsamfunn. Oppnådd merke er likevel berre ein milepæl. Merket er gyldig i tre år frå godkjenning, og for å halda oppe merket må reisemålet oppdatera sin besvarelse og levera tydeleg betring på 104 indikatorar.

Teksten er henta frå Innovasjon Norge si pressemelding om tildelinga til Voss. Les heile pressemeldinga her

Du kan også lese meir på Visit Norway sine sider: Innovasjon Norge har tildelt Voss merke for bærekraftig reisemål

Les heile handlingsplanen her

Kontaktpersonar:
Ingunn Sørnes, spesialrådgivar berekraftig reiseliv i Innovasjon Norge,
e-post: [email protected], tlf. 957 78 663.

Benedicte Watvedt Skaug, prosjektleiar for prosjekt Berekraftig Reisemål, Visit Voss,
e-post: [email protected], tlf. 416 02 736

Tiltak 

Grønare marknadsføring

Tog igjennom grøne jorder på veg til voss om våren

Fokus på grønare marknadsføring. T.d. lågare transportutslepp, fylle skuldersesongane, gjere oppholda lengre, verdiskapning for deltidsinnbyggarar og miljøvennleg reise til Voss. 

VossaBike

Vossabike parkert på mølstertunet, voss i bakgrunnen

Vossabike elbygdesykkel i samarbeid med Voss Parkering og Voss herad. Fungerar som bysyklar som ein leiger gjennom ein app. 

 

Gruppesertifisering miljøfyrtårn

Arbedidsmøte for miljøfyrtårnsertifisering

Visit Voss/Næringshagen på Voss/Voss sentrum har i samarbeid med Voss herad startet gruppesertifisering av bedrifter på Voss. Store Ringeim, Voss Vind, Vossabadet, Voss Active, Ekstremsportveko, Myrkdalen (hotell, fjellandsby og fjellheisar) og Hardanger og Voss Folkemuseum er alt sertifisert. 

Vossavert

folk på foredrag hjå visit voss

Voss er i gang med å utvikle eit eige vertskapsprogram - Vossavert. Målet med Vossavert er å skapa ei så gjennomført og god merkevare rundt Voss at det skinner igjennom i alt vi gjer, og at informasjon og meirsalg flyt i same stil – i alle ledd av kundereisa. Både i annonser på nett, i butikkane på Vangen, på caféane, på rafting, på hotella osv. 

Lokalmat på Voss

grønnsaker som veks i drivhus på voss

Voss ynskjer å ha fokus på lokalmat derfor løfter me fram bedriftser som serverar eller produserar min 25% lokalmat på visitvoss.no

Kurs og kompetanseheving

Ein gjeng som har vore på kurs står oppstilt for fotografen

Visit Voss /Næringshagen på Voss /Voss sentrum arrangerar kurs innanfor ulike tema, t.d. lokalmatkurs, berekraftig bedrift, vertskapskurs. 

Voss - eit reisemål for alle

Tandem kajakking på voss

Voss skal vera eit reisemål for alle. Sjå vår oversikt over aktivitetar som kan tilpassast ulike funksjonsnedsettingar og overnattingar som tilrettelegg. 

Vossavet

illustrasjon av lønahorgi og ein paraglider

10 bod om korleis ein bør ferdast som turist på Voss.