Utsikt over Voss, frå Roset

5 FINE FJELLTURAR PÅ VOSS

Hausten er den finaste tida for fjelltur på Voss. Her er fem klassikarar!

 

1. Grebbesløypa - familietur

Grebbesløypa er ein flott rundtur for borna, på ca 3 km i småkupert fjellterreng på Hangurstoppen.
Start for turen er ved toppen av Voss Gondol, og turen er godt merka og tilrettelagt heile vegen. Turen er familievenleg, og du møter ikkje på dei store oppover eller nedoverbakkane på denne runden. Her får du flott utsikt mot Lønahorgi og Gråsida, og du passerer Røde Kors-hytta og Valbergstjørni på vegen. Ynskjer de litt ekstra utfordring på turen? Prøv Grebbes Turbingo!

 

LES OGSÅ: To dagar og ei overnatting på Voss - dette kan du ikkje gå glipp av

 

2. Hjelle - Roset – Hjelle

utsikt frå roset
Foto: Utsikt frå Roset

Turen er lett kupert med bratte partier. Flott utsikt over Vossabygda 675 m.o.h. Retur samme veg. Følg vegen til Gjernes. Sving til venstre mot Hjelle 500 meter etter Bordalsgjelet. Følg svingane oppover og ta til høgre med skilt til Roset. Følg smal stølsveg til parkering ved eit lite sagbruk.

Turen følgjer T- merka sti til Roset
 

 

3. Finnbunuten - middels/lang tur (frå Myrkdalen)

Frå Myrkdalen Fjellandsby går du på merka sti via Helgatun og Vetlebotn til Finnbunuten. Frå Vetlebotn fyl du Kari Traa-trekket (skitrekket lengst aust) vidare oppover. Turen er relativt lang, men familievennleg på lettgått sti. Frå Myrkdalen Fjellandsby/Helgatun er det 900 høgdemeter til toppen. Vel oppe på toppen har ein i klårvêrsdagar flott utsikt til kjende isbrear som Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen og Folgefonna.

Lengd: 8 km og 4-5 timar tur /retur
 

LES OGSÅ: 8 aktivitetar du bør oppleve på Voss

4. Lønahorgi - lang tur

Lønahorgi
Lønahorgi - ein klassikar på Voss. Foto: Kristoffer Fürstenberg

Om du har vore på Voss har du sikkert lagt merke til Lønahorgi som med sine 1410 meter ruvar over vossabygda. Turen hit gjev deg panoramautsikt over vossabygda, og på klare dagar kan du sjå isbrear og fjorden i det fjerne. Startpunkt for turen kan vere Bavallen, Mølster, eller toppen av Voss Gondol som gjev den minst krevjande ruta. Stien mot Lønahorgi er skilta frå toppen av Voss Gondol, og er godt merkt heile vegen. Turen er lang, og litt avhengig av kva startpunkt du vel, på ca 20 km tur/retur. Er du klar for ein skikkeleg lang topptur kan du gå denne turen heilt frå Voss Sentrum.
 

LES OGSÅ: Derfor bør du leggje skiferien til Voss og Myrkdalen

5.  Gråsidetoppen - lang tur

Gråsidetoppen
Frå Gråsidetoppen får du utsikt over heile Vossevangen. Foto: Wild Voss

Med fantastisk panoramautsikt over heile Vossabygda er Gråsidetoppen ein av dei flottaste toppturane på Voss. Er du skikkeleg sprek kan du gå turen heilt frå Voss sentrum. Turen til Gråsidetoppen frå saga på Gjelle er ein krevjande tur på 7 km med 900 meter stigning ein veg, og ein vaksen må rekne minimum 6 timar på turen (ca 2 timar ekstra gangtid om du går frå sentrum).
Er du erfaren og har lyst på ein skikkeleg lang tur kan ein gå frå Hodnaberg ved Hamlagrøvatnet og over Gråsida, forbi det ikoniske Timaglaset på veg til Gråsidetoppen og ned att til Voss sentrum. Denne turen er ein klassikar i vossafjella, men krev erfaring og fint vær då den er lang og går i krevjande høgfjellsterreng heile vegen.
Les full turbeskrivelse her!