Foto:
Hunnalvatn Media
Voss Gondol
Foto:
Outdoor Norway
Oksen
Foto:
Voss Active
Rafting

Tre dagar på Voss? Dette kan du ikkje gå glipp av

Skal du på tur med familien, kjærasten eller vennegjengen? Her er våre beste reisetips for ei helgetur på Voss!

Voss er flott både vår, sommar og haust, og byr på eit mangfald av opplevingar og aktivitetar. Vil du ta det heilt med ro, nyta ein fjelltur og kosa deg med god mat laga på lokale råvarer? Eller er du ute etter ei helg med litt fart og spenning, med elver fulle av snøsmelta vatn? Her er våre beste reisetips til deg som vil oppleva Voss med vennegjengen, familien eller kjærasten.

Leik og moro for liten og stor - perfekt turhelg for barnefamilien

Dag 1: Reis til Myrkdalen - eit sykkeleldorado for barnefamiliar! I sportsbutikken i den vakre fjellbygda kan du leiga terrengsykkel for barn og vaksne, og utforska moglegheitene rundt hotellet. Pumptracken på 850 kvadratmeter er open for alle, kvar dag, både sommar og haust. Det er også den splitter nye hopplinja, der både liten og stor kan prøva seg på hopp i ulike storleikar. På oppsida av Myrkdalen Hotel er det også ei sykkelløype med to grøne og ei blå sløyfe, der du kan øva teknikk på små element.

Myrkdalen sykkel
Pumptracken i Myrkdalen. Foto: Hunnalvatn Media

Les meir om sykling i Myrkdalen her!

Overnatting: Sov godt på Myrkdalen Hotel, som akkurat no har knallgode tilbod på natt nr 2 og 3. Restaurant Tunet er spesialistar på steinomnsbakt pizza - ein slager for dei minste! 

Dag 2: Den mest poplære sommaraktiviteten på Voss er rafting. Start dag 2 med familierafting med Voss Active. Her vil heile familien få prøva seg på naturens eigen berg og dalbane - elva. Dei flinke guidane lagar også leik og morro under vegs til stor glede for dei små. Til middag anbefaler me å reise til Voss Sentrum. Vangen Café ligg midt i vangsgata og serverar god, heimelaga mat - perfekt etter ein aktiv dag. Etter middag er det perfekt å rusle ein tur i prestegardsmoen og kanskje teste ut rulleparken eller sjå på gatekunsten rundt om i sentrum. 

Dag 3: Bruk dagen i Voss Sentrum, som har flust av aktivitetar for barnefamiliar! Sus til fjells med Voss Gondol, og la dei minste prøva seg på Grebbes Turbingo på toppen. Eller kanskje de vil på stolpejakt? Om vestlandsvêret slår til og regnet høljar ned, er ein tur i Vossabadet, Voss Bowling og Leikeland eller VossVind perfekte aktivitetar.

LES OGSÅ: Fem fine fjellturar på Voss

 

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Romantisk kvalitetstid til fjells - med kjærasten på tur

Dag 1: Nyt morgonsola eller fjordutsikta saman på vandretur – berre de to. Turen til Ingebjørgfjellet er ein middels tur som tek kring 4-6 timar, og har fantastisk utsikt ned mot Hardangerfjorden. Om de er interessert i ein litt tyngre tur, kan me anbefala turen til Breiskrednosi, dette er ein krevande tur som er best å gå med guide. Les meir om guida vandretur til Breiskrednosi herTuren tek kring 8-9 timar, og på toppen vert du belønna med panoramautsikt over Nærøyfjorden. Sjå våre topp 4 fjellturar med fjordutsikt her. Etter ein lang dag vil det smake godt med lokal og kortreist mat på Store Ringheim sin restaurant Flor'n

Breiskrednosi
På toppen av Breisrekdnosi. Foto: Wild Voss

Overnatting: Store Ringheim Hotel er ein fleire hundre år gammal gard, som har vorte restaurert av familien og gjort om til eit boutiquehotell med 15 heilt unike rom. Det eine rommet er ei 300 år gammal årestove der du verkeleg kjenner det historiske suset i veggane. Perfekt for ei romantisk helg! 

Store Ringheim har også ein fantastisk restaurant – FLOR’N, som ligg i det som var låva på garden i gamle dagar. Her får du servert mat av høg kvalitet basert på lokale råvarer – gjerne så kortreist som rett frå hagen!

Dag 2: Utforsk Vangsvatnet saman og leig ein båt, kano eller sup brett! Om de vil vera ekstra romantiske, kan de padla saman i ein tandemkajakk. Avslutt dagen med utandørs boblebad eller badstove! Og kanskje eit bad i elva, om de tør…? Hugs å gå innom torget for ein matbit, enten frå ein av dei populære matvognene eller nyt uteserveringa på Tre Brør

LES OGSÅ: Derfor bør du leggje skiferien til Voss og Myrkdalen

Dag 3: Etter ein dag på vatnet er beina klara for ein ny tur. Ta gondolen til Hangurstoppen og start turen på 820moh. De kan f.eks. gå til Lønahorgi, ein av dei mest karakteristiske toppane rundt Voss, eller velge ein av dei kortare turane rundt Hangurstoppen. Sjå vandrekart her. Tar du ein av dei kortare turane vil me anbefale deg å ete middag på Hangurstoppen før du tar gondlen ned att. Vil du ned att til sentrum er det vel verdt å ta turen innom Park Hotel Vossevangen og á la carte restauranten Elysée. Hugs også å booke ei omvising i vinkjellaren deira - ei av Norges største vinkjellarar. 

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Skap minner for livet - inviter med deg vennegjengen

Dag 1: Ta turen til fjells med Voss Gondol, spis lunsj på Hangurstoppen Restaurant, og fly ned att! Tandem paragliding er ein perfekt måte å oppleva Voss på – frå lufta! Med beina godt planta på jorda att kan de ta turen ned mot Vangsvatnet. Her er det veldig fint å sitta med Vatnet og sjå på dei andre paragliderane som kjem inn for landing eller så kan heile gjengen leige seg SUP brett og sjå kven som har best balanse. 
 

Rafting med Voss Active
Full fart på rafrting. Foto: Voss Active

LES OGSÅ: 8 aktivitetar du bør oppleva på Voss

Overnatting: Voss Resort har flotte utleigehytter som passer perfekt for vennegjenger på tur.

Dag 2: På dag to må de prøva ein av Voss sine mest populære aktivitetar – rafting! Her får heile gjengen oppleva fart og spenning, samtidig som de må samarbeida som eit lag. Garantert ei minnerik oppleving! På kvelden anbefalar me ein tur på Skrot Kafé og Bar eller på Voss Bowling om de framleis er høge på adrenaling. 

Dag 3: Bli med på klatretur med Wild Voss! Ved vakre Staup, nokre kilometer frå Voss, ligg ein idyllisk klatreklippe som byr på passelege klatreutfordringar for dei fleste. Avslutt dagen med omvising og smaking på Voss Fellesbryggeri.

 

Ikkje gå glipp av dei beste vossatilboda!