Foto:
Erik Østlie
Voss Resort
Foto:
Sverre F. Hjørnevik
Myrkdalen

Derfor bør du leggje skiferien til Voss og Myrkdalen

Kun eit par timar frå Bergen finn du vinterparadiset Voss, som byr på skileik for absolutt alle! Kva med å sikra seg vinterferien allereie no?

På Voss finn du to av dei største skisentra på Vestlandet, Voss Resort og Myrkdalen. Til saman har dei nesten 70 kilometer med alpinløyper for alle nivå, 20 skiheiser, og flotte område for frikøyring. Myrkdalen er kjend for å vera ein av dei mest snøsikre destinasjonane i Europa, og skianlegget til Voss Resort har lett tilkomst med den nye gondolbanen frå togstasjonen på Voss. Det finst også kilometervis med langrennsløyper i begge skianlegga, i tillegg til det store løypenettet i Voss ski- og tursenter.

LES OGSÅ: To dagar og ei overnatting på Voss - dette kan du ikkje gå glipp av

Voss Resort
Barneområdet til Voss Resort på Hangurstoppen. Foto: Hunnalvatn Media

Eit eldorado for dei minste
Både Voss Resort og Myrkdalen har flotte område der dei aller minste kan prøva seg på ski. 

I Voss Resort finn du tre barneområde:
- Trollbakken: Det nyaste barneområdet, som ligg ved toppstasjonen til Voss Gondol. 65 meter langt skiband med takoverbygg, og skirenn kvar helg og kvar dag i feriar.
- Badnakrokjen: Ligg rett bak kafeen på Slettafjellet, midt i skianlegget. Koppetrekk, flott terreng for leik og moro og to gapahuker.
- Grebbesbakken: 50 meter langt skiband som ligg i Bavallen, og som er gratis å bruka. Flott stad for dei aller minste å øva seg på, og lett tilkomst frå parkeringsplassen.

Myrkdalen er familiens pudderparadis. Barneområdet ligg i sjølve basen av skisenteret, med enkel tilkomst frå parkeringsplassen, hyttene og Myrkdalen Hotel. Området har eit saktegåande rulleband for dei aller minste, to tallerkentrekk og tre varierte grøne løyper. I Myrkdalen «Reveparken» som er ein park som består av enkle og leikne parkelement. Parken er perfekt for barn og nybegynnarar. 

 

 

Få fjellet for deg sjølv!
Er du ein av dei som har ein fleksibel kvardag, med turnus jobb eller heimekontor? Då bør du nytta sjansen å reisa til fjells midt i veka. Ingenting er som stå på ski i nypreparerte alpinløyper med god plass, eller vera ein av dei første som får dansa nedover den urørte puddersnøen som fall natta før.

I Myrkdalen kan du bu på hotell og få skikkelig feriefølelse med hotellfrokost. Du kan også variere mellom nypreparerte løyper, pudder og frikjøring i område rundt skisenteret og langrenn i Årmotslia. Ein runde på 5km er lyssatt og lysene er på til klokka 10 så her kan du utnytte heile dagen. 

I Voss Resort er det mange mogelegeheiter til å køyre off-piste både på dagtid og kveldstid. Frå Voss Resort har du også kort veg til sentrum og fleire opplevingar. Kva med å avslutte skidagen med ein tur i Vossabadet eller å fly i vindtunnelen mellom møta? Les Klaus Finne sine beste tips til pudderkøyring her.

Både Myrkdalen og Voss Resort har gode prisar på overnatting midt i veka gjennom heile vinteren. 

<% totalFilter %> filter applicerade

 

Sikre deg vinterferien allereie no!

Helger og ferier fyller seg fort opp, derfor kan det vera lurt å sikra seg årets vinter- og påskeferie allereie no! Voss Resort og Myrkdalen har massevis av plass i løypene, og er klare for å ta imot deg og dine på ein flott ferie til fjells. 

 

Ikkje gå glipp av dei beste vossatilboda!