Voss – ein destinasjon for alle
Eit felles mål for Voss som destinasjon er at bygda og aktivitetane skal vera tilgjengeleg for alle. Ekstremsportbygda Voss betyr adrenalin, meistring og gode følelsar. Alle skal ha muligheten til å kjenne på desse følelsane og på Voss vil me strekke oss ekstra langt for å legge til rette for nettopp deg. Alle kan fly! Alle kan rafte! Alle kan hoppe fallskjerm!
Målet med denne sida/guiden er å gjere det enklere for deg å planlegge ditt besøk til Voss. Me jobbar kontinuerleg med å få på plass bedtre informasjon om tilrettelegging og universell utforming. Har du tilbakemeldingar, ta kontakt med oss på [email protected].
Har du behov som ikkje er omtalt på denne sida? Ta kontakt, me hjelper deg gjerne!
Voss Stasjon og Voss Sentrum
Voss har eit kompakt og oversiktleg sentrum, med kort avstand mellom togstasjon, overnatting, restaurantar og butikkar.
Styrker:
Trinnfri adkomst frå gangplan til togstasjonen og ulike plattformar.
HC-toalett i venterommet på Voss Stasjon (betaling med bankkort).
Trinnfri atkomst og elektrisk dør til Voss Turistinformasjon, samt store og tilgjengelige lokaler.
Breie fortau med god framkomelegheit for rullestol (generelt).
HC-toalett ved Voss Utebasseng/Prestegardsmoen.
Oversiktleg og lettnavigert sentrum.
Aktivitetar
Me ynskjer å gi konkrete og realistiske beskrivingar av tilgjengelighet for ulike aktivitetar. Visit Voss arbeider med å få testa ulike aktørar med ulike brukargrupper. Under finn du ei oversikt over tilrettelegging hjå nokre aktørar.
(trykk på namna for å lese meir)
Hovudbygget med utstillingar:
- Trinnfri inngang
- Elektrisk døråpnar
- Heis til andre etasje
- HC-toalett i første etasje
- God plass i resepsjon og kafé
- Utstillingar med god lesbarheit og høgde
Merk: Mølstertunet er eit klyngetun frå 1500-talar i si oprinnelege form. Tunet har grasplen, med mindre framkommelegheit. Dei fleste husa har høge trinn/bratte trapper, men delar av området er tilgjengeleg og det vil vera mogleg å sjå tunet og inn i nokre av husa.
- Trinnfri inngang
- Heis til rom og restaurant
- 2 HC-rom
- Fleire rom tilgjengelege for manuell rullestol
- HC-toalett
- God plass til rullestol under bord i restaurant
Merk: Seng på HC-rom er ikkje tilgjengeleg frå begge sider. Ta kontakt med Elva Hotell ved behov for detaljar om dørbreidde og badløysing.
- Trinnfri inngang og automatiserte dører
- To HC-garderobar
- Bassengheis i terapibasseng
- HC-toalett ved bassengområdet
- God tilgjengeligheit i uteområdet ved utebassenget
- Tilgjengelig badstove i utebassenget (for manuell rullestol)
Vossabadet er ein av dei mest tilgjengelege aktivitetane i sentrum.
- Elektrisk døråpnar
- HC-toalett
- Erfaring med rullestolbrukarar
- Trygge instruktørar med kompetanse på tilrettelegging
Ta kontakt med Voss Vind på førehand for å avklare påkledning (alle må ha fly-dress under flyging) og praktiske behov.
Andre aktivitetar:
Bedrifter på Voss og aktiviteter dei har, som dei kan tilpasse deg og dine behov.
Voss Bowling: Rullestolrampe opp til bowlingbaner og romslige lokaler.
Tilbyr også grupper å leige heile lokalet for lukka arrangement.
Outdoor Norway: Tandem kajakk, elvekano, havkajakk
Voss Resort: Gondol, Hangurstoppen Restaurant, panoramaløypa
Voss Active: Rafting grad 2
Myrkdalen: Myrkdalen Skiskule
Voss Fallskjermklubb: Tandem fallskjermhopp
Ekstremsportveko: Rullestolvenleg festivalområde og opphøyde plattformer for rullestolbrukere i konsertområde.
Sjå video frå korleis dei ulike bedriftene kan tilrettelegge for ulike funksjonsevner:
Voss Vind
Video: Møt Catho Pettersbakken. Ein flygar verkeleg utan grenser, som i 2002 vart utsatt for ei motorsykkelulykke.
Vi legg til rette for dei fleste funksjonsutfordringar. Vi har hatt svaksynte, blinde, og døve som har flydd med oss, samt tidlegare pasientar med kreft og MS som har godt nok overskot og god dagsform.
Vi har hatt besøk av folk med proteser/amputasjoner i tillegg til ein heil del andre nedsette funksjonsevner. Dersom det er personar med større utfordringer assisterer vi gjerne med to instruktører for å kunne gje dei ein smakebit av å fly vektlaust.
Vi ber alle med skulder, nakke og ryggskade ta kontakt med oss. I hovedsak er det personer som har hatt skulder ut av ledd og problemer med det som blir frabedt å fly, då desse enkelt kan gå ut på nytt (grunna posisjonen ein ligger i).
Voss Resort

Både gondolen, Hangurstoppen Restaurant er tilrettelagt for dei med rullestol.
Gondolbygget er tilrettelagt med eigen rullestolinngang og heis, samt at me har fjerna midtrabatten i alle dei gule kabinane for å skape ekstra stor golvplass i desse. Me kan redusere fart ved på- og avstiging ved behov.
På Hangurstoppen er det eigen inngang mot restaurant for dei med rullestol. Inne er det heis, HC-toalett og stor plass til stol inne i sjølve restaurantlokale. Ein kan og få tilgang til messanin og møterom med heis.
Panoramaløypa kan også fungera godt for rullestolar, den er utforma med grus, men er svakt kupet slik at ein både kan trille og køyre rullestol her. Ca. 1 km, med flotte utsiktspunkt undervegs.
Outdoor Norway
Tandem kajakk med Outdoor Norway
Følgande produkt er enkle å legge til rette for dei fleste: tandem elvekajakk, elve kano, havkajakk guida tur. Me har ikkje heis, men vil bidra med assistanse inn/ut av t.d. kajakken.
For mange vil det også vera mogeleg å delta på guida MTB tur og guida SUP tur (padlebrett)
Myrkdalen Skiskule
Peter Nilsson på sitski i Myrkdalen
Skiskulen tilbyr undervisning på sit ski og/eller som ledsager til sitski. Skiskulen har undervist mange bein amputerte til å stå på ski, og har utdanna to stykker til profesjonelle skilærarar på nest høgaste høgste nivå.
I tillegg underviser og tilrettelegg me for både svaksynte og blinde, og elles har me ingen begrensninger på kven som kan stå på ski, snowboard eller langrenn og dei kan mangle både armar, bein, hørsel og syn eller dei kan ha andre utfordringar - me fiksar det.
Ekstremsportveko
Alle kan hoppe i fallskjerm! Video frå Ekstremsportveko 2019.
Ta kontakt med oss i god tid og fortell litt om kva du har lyst til å prøve og kva utfordringar du har, så skal vi prøve så godt vi kan å lage eit tilrettelagt opplegg for deg. Vi trenger litt tid på oss for å sette dei riktige folkene på saka og finne ut kva som er mogleg å få gjennomført. Det finnes ikkje eit enkelt svar på kva vi får til og ikkje. Vi har eit godt nettverk av dyktige folk, så det er ganske mykje som vi kan få til om vi får tid på oss.
Voss Fallskjermklubb

Me har gjennomført fleire tandemhopp der eleven har ulike funksjonsnedsettingar. Erfaringane våre er gode, så lenge kommunikasjonen er tydeleg i forkant.
Voss Fallskjermklubb må søkje om godkjenning frå Norges Luftsportforbund før eit slikt tandemhopp kan gjennomførast. Det er difor viktig at dialogen startar i god tid før planlagt hopp. Alle situasjonar er ulike, og kvar sak blir vurdert individuelt.
På førehand treng me informasjon om eventuelle avgrensingar og utfordringar, til dømes knytt til rørsle, lamming, styrke i armar og bein, eller spasmar og liknande.
På hoppdagen blir det gitt instruksjonar for trygg gjennomføring. Me må difor også få vite på førehand om tandemeleven har utfordringar med å kommunisere eller ta imot instruksjonar på norsk eller engelsk, sidan dei fleste av tandeminstruktørane våre ikkje har norsk som morsmål.
Når det praktiske er avklart, sender me søknad til Norges Luftsportforbund. Me får som regel svar raskt, og tek kontakt så snart me har fått tilbakemelding.
Overnattingsplassar og korleis dei tilrettelegg:
Scandic Voss:
33 HC-rom
Dyrevennlige rom
Allergivennlige rom
Elva Hotell
2 HC-rom
Fleire rom tilgjengelege for manuell rullestol
HC-toalett
Voss Hostel (Voss Vandrarheim):
Tilpasset rullestolbrukere