Sommar | Vinter | Attraksjonar | Lokalmat
Ekstremsportbygda Voss
Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda - og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping og paragliding til rafting, i trygge omgjevnader. Vandring og fjellturar er også veldig populært. Voss er omkransa av fjell og med Voss Gondol er fjellet også tilgjengeleg for dei med nedsett funksjonsevne. Om vinteren vert Voss forvandla til eit vintereldorado der du kan boltra deg i tre ulike skianlegg, kilometervis med langrennsløyper eller i den flotte fjellheimen vår.
Bygda vår, som ligg i hjartet av Fjord-Noreg, er full av ekstreme kontrastar og full av historie, kultur og spennande attraksjonar.
Treng du ein fullstendig guide over bygda. Sjå her: Den Store Vossaguiden
Ynskjer du å lese meir om utviklinga og historia til Voss. Sjå her: Voss - ei mangfaldig bygd
Aktivitetar
Her ser du eit utval populære aktivitetar. Du kan også lese om våre "Topp 5 familieaktivitetar" eller dei beste aktivitetane for å "Utforske elvene på Voss". Er du på jakt etter kule plassar å sjå bør du besøke Hangurshusko, Tvindefossen eller Bordalsgjelet.
Kva skjer?
På Voss er det stadig arrangement ein kan gå på. Dei største arrangementa på Voss er "Ekstremsporveko", "Vossa Jazz" og "Osafestivalen". Du kan sjå full oversikt over arrangement i vinter ved å klikke her, eller bla i kalendaren under:
Overnatting
Festivalar og spenstige kurs
Voss blir ofte omtala som festivalbygda. Mange av festivalane bygger på det vossingane driv med heile året, f.eks ekstremsport. Her kan du sjå kva du kan delta på framover:
Voss Turistinformasjon
Turistinformasjonen på Voss finn du på gatenivå ved Voss Stasjon. Opningstider finn du her.