Spiseguide
En guide til restauranter og kafeer på Voss.
Hangurstoppen
Hangurstuppen er Voss sin største restaurant med 450 sitteplassar. Restauranten ligg 850 moh og har fantastisk panoramautsikt over Vossafjella. Her finn du både folk i finklede som et ein betre middag og folk i ski og turklede som berre er innom ein kjapp tur før dei skal vidare. Det er fokus på mat laga frå botnen av og menyen endrar seg med sesongane, basert på tilgangen til ulike råvarer.
På Hangurstoppen får du både snacks, lunsj og middag. Du kan leige både deler av og heile lokalet til private arrangement.
Den raskaste vegen til Hangurstoppen er med Voss Gondol. Turen tar mindre enn 9 min. Det er også mogeleg å komma seg dit til fots frå Mølstertunet eller Bavallen.
Foto: Jon Hunnalvatn Tøn, Hunnalvatn Media
Haik på Scandic
På kveldstid er kolgrillen på Scandic midtpunktet. På Haik får du kortreiste smaksopplevingar og avslappande stemningen. Etter middag kan du spela shuffleboard eller sjakk og nyta god drikka frå baren. På fine dagar er den store uteserveringa svært ettertrakta. Her har du utsikt mot Vangsvatnet og Gråsida. Baren er inspirert av den gamle gondolen «Dinglo og Danglo».
Scandic Voss finn du like ved togstasjonen og Voss Gondol sin nedre stasjon.
Restaurant Elysée
Elysee er staden for feiringar og betre måltid. Det internasjonale kjøkkenet har fokus på lokale råvarer og i tillegg kan dei by på ein av verdas beste vinkart. Bestill gjerne direkte frå Park og la kjøkkenet og deira vindirektør bestemme menyen. Lagra vin krev tid og omsorg, vinen må derfor bestillast minst eit døgn før den skal nytast.
Restaurant Elysée finn du på Park Hotell Vossevangen, i Voss sentrum (i Uttrågata 1).
Vossevangen Bodega
På Vossevangen Bodega møter du norsk og meksikansk kultur. Dei har stort fokus på lokale råvarer og du får bl.a. fajitas med norsk laks, quesadillas med spekeskinke frå Voss og Nachoburger med lokalt bacon. Dei køyrer også tacobuffet kvar dag.
«Bodegaen» som Vossingane kallar restauranten, er ein veldig fin plass å reise med barn. Du finn dei like ved Vangskyrkja.
Tre Brør Kafé og Bar
Tre Brør serverar frukost, kaffi, snacks og andre rettar. Det er meir enn ein kafé, dei er også eit kulturhus, bar og konsertscene på Voss. Om sommaren er uteserveringa ein svært populær møteplass.
Tre Brør ligg midt i sentrum, på Torget.
Skrot Kafé og Bar
Skrot er eit liten smak av byen, på bygda. Lokalet har eit hipt og særeiget preg. I taket heng bilete med tradisjonelle, utsmykka rammer og menyen ser ut som gamle vinylplater. Du kan enten sitte i baren og slå av ein prat med dei trivelege eigarane eller slå deg ned ved dei store vindauga og sjå på folk som går fordi utanfor.
På dagtid serverar Skrot enkel mat som smørbrød og gulrotkake. Dei har også te, kaffi og berømte milkshakes. Du finn Skrot i starten av Vangsgata, like ved torget.
Vossakringlo
Kringlo er ein koseleg kafé med eit stort utval av ferske bakevarer og kaffi. Dei sel også påsmurte rundstykker og baguettar. Kafeen er ein fast møteplass for mange Vossingar og ein perfekt plass å ta ein pust i bakken om du er på handling i sentrum. I bakgården har Kringlo ein stor terrasse med varmelampar.
Du finn kringlo i Vangsgata, rett ved sida av Skrot.
Foto: Karoline Foss
Ringheim Kafe
Ringheim kafe har både kaker og kaffi og varme og kalde rettar. Ringheim kafé har hatt gjesten i fokus sidan midten av 50 tallet. Dei nyttar kun dei beste råvarer for å laga god kvalitetsmat og tilbyr alltid dagens suppe og dagens middag. Kaféen er ein fast møteplass for mange Vossingar. Dei har eigen barnekrok for dei minste og om sommaren kan ein sitte ute på gateplan.
Ringheim Kafe finn du Vangsgata.
Foto: Karoline Fosse
Vangen Cafe
I moderne og nyoppussa lokale er det lagt til rette for avslappa stemning og komfort. Du får servert tradisjonelle rettar og fristende kaker laga frå botnen av. Kjøtet kjem frå lokale gardar på Voss,
handverksbakst frå Vossabakst borti gata og fersk fisk frå Bergen.
På Vangen Cafe kan du fint spise både lunsj og middag, eller berre ta ein kaffi. Du kan komma her både i finstasen og i skikleda.
Vangen Cafe ligg midt i Vangsgata.
Foto: Karoline Fosse
Vossevangen Grill og Steakhouse
Steakhouse’en er ein uformell, intim og amerikansk-inspirert restaurant. Her får du skikkeleg «digg» mat. Spesialitetane deira er sjølvsagt perfekt steikt biff og smakfulle hamburgarar. Er de ein litt småsulten gjeng er tapas tallerkenen perfekt. Også her har dei fokus på lokale råvarer og bruker bl.a. Vossakjøt sitt berømte bacon.
Du finn restauranten i enden av hovudgata, Vangsgata 52 (same ende som lyskrysset og Vinmonopolet).
Flor’n restaurant, på Store Ringheim
Ein av dei beste på lokal og kortreist mat er Store Ringheim. Dei haustar mykje av maten sjølv, både på garden, i skogen og på fjellet. Lokale jegerar forsyner dei med viltkjøt. Menyen skiftar dei ofte, alt etter kva råvarer dei har tilgjengeleg. Dei serverar sjølvsagt lokal drykk også. Her er det duka for ein heilaften med herlege rettar med jordnært preg.
Flor’n er del av Store Ringheim hotell og restaurant og ligg litt utanfor sentrum. Om ikkje du bur på hotellet er det enkelt å få bestilla Taxi frå t.d. Voss Taxi. Om sommaren kan den 30 min lange gå-turen tilbake til sentrum vera ein veldig fin avslutning på kvelden.
Fjellstova Vetlebotn
Her er det tradisjonsmat basert på kortreiste råvarer som er i fokus. Rettane er laga av reine ingrediensar frå regionen, og du får både enklare rettar som pølse frå Vossakjøt i brød og lapskaus frå Haugen Gardsmat til fullverdige middagsrettar (både med og utan kjøt). Fjellstova er innreda slik at ho hyllar den lange historia for stølsdrift i Myrkdalen.
Du finn Vetlebotn midt i skianlegget i Myrkdalen, like ved Kari Traa-trekket.
Foto: Karoline Fosse
Tunet i Myrkdalen
Tunet er ein suveren, italiensk pizzarestaurant midt i ei fjellbygd. Pizzaen er bakt i steinomn og er sjølvsagt toppa med lokale råvarer. Er du ikkje i humør for pizza har dei også á la carte rettar på menyen og søte dessertar. Her kan du eta lunsj og middag kvar dag, heile året.
Tunet er ein del av Myrkdalen Hotel. Du treng ikkje heiskort for å kom hit, så dette er også ein fin plass å ete om du har vore på ski på Vikafjellet eller på langrenn i Årmotslia.