4 timar med padlemoro - Vått og Vilt
Har du lyst til å bli tryggare på elva utan å ta eit fullt kurs er denne pakka perfekt. Du kan velge mellom elvepadling og havpadling. Du vil oppleve stor meistring på 4 timar, med begge pakker. Her får du plukka opp nokre padletips medan spenningen stig. Ei kjekk og utfordrande økt i trygge rammer, med gode instruktørar.
Padleøkta kan også kombinerast med kokkecamp i stemningsfull Villmarksleir! Smalahovegilde med Vossaøl og akevitt. Eller med besøk i ein av Norges beste vinkjellar, på Park Hotel Vossevangen!
Vil du bu i fjellheimen er Myrkdalen eller Mjølfjell eit godt utgangspunkt. Me kan lage pakker med aktiviteter, kost og losji på Myrkdalen hotell, Kårdal pensjonat eller i Villmarksleir (som me set opp for anledningen).
Send forespørsel på epost til [email protected] skriv antall deltagere og litt om ferdighetsnivå.
Oppmøte:
Elvepadling: I Vått & Vilt sine lokale i Vangsgata 45
Flattvatn/Havkajakk: Kan utførast både på Voss (Vangsvatnet) og i Alversund (oppmøte ved kaien til Fosse Bruk AS, om ikkje anna er avtalt.)
Varigheit:
Ca 4 timar frå oppmøte til slutt
Målgruppe:
Alle som vil ha det kjekt på elva, men som ikkje har anledning til eit lengre kurs.