Voss

Arctic Coliving, Voss Mountain Lodge

Arctic Coliving kombinerer fjelliv, internasjonalt fellesskap og rom for fjernarbeid, midt i vill og vakker natur på Mjølfjell, ein kort togtur frå Voss sentrum.

Her bur du tett på fjellet, Raundalselva og flott turområde, i eit miljø der menneske frå heile verda møtest for å jobbe og dele opplevingar.

Voss Mountain Lodge er ei historisk hytte med røter i dugnad og internasjonalt fredsarbeid.
Me håper du vil bli med oss ​​og videreføre desse tradisjonane, når folk frå heile verda møtes på ny på Mjølfjell.

Kva kan du forvente?
Hyttene har romslege fellesareal som inviterer til samvær.
I løpet av opphaldet blir det arrangert:
Felles måltid
Felles aktivitetar
Sosiale samlingar
Arrangement i samarbeid med lokalsamfunnet

Alt er forankra i ein bevisst fellesskapsfilosofi der deling, respekt og autentiske opplevingar står sentralt.

Kven passar det for?
Arctic Coliving passar for deg som:
Jobbar digitalt og ønskjer eit inspirerande arbeidsmiljø
Vil kombinere fjernarbeid med aktiv livsstil
Reiser åleine, men ønskjer fellesskap
Er del av eit team som ønskjer offsite eller samling i fjella
Søkjer eit lengre opphald med sterkare tilknyting til stad og menneske

I sommarsesongen kan du velje mellom kortare og lengre opphald, i skuldersesongane vert det laga til arrangement og me tek imot lag/gruppe som ynskjer offsite arbeid.

Lengre opphald gir rom for sterkare band, både til menneska rundt deg og til naturen på Mjølfjell.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Kjæledyr tillatt
  • Nært naturen
  • Vinter
  • Vår
  • I nærleiken av fjell
  • Naturområde
  • Utandørs parkering (avgift)
  • Fjellområde
  • Fjellutsikt
  • Høst

Map