Hangurstoppen
©Hunnalvatn Media

Årsmelding for Destinasjon Voss - 2018

 

Reiselivet er ein av dei viktigaste næringane i Voss kommune, og står midt i ei rivande utvikling, med store investeringar i nyskapande produkt som vil gje Voss som reisemål styrka konkurransekraft og fornying i lang tid framover.

 

Destinasjon Voss er eigd av mange private aktørar, og med solid forankring og tett samarbeid med Voss kommune. Drifta av turistinformasjonen er eit av fleire samarbeidsområde.

 

Vi er på mange område bindeleddet mellom lokale aktørar, mellom lokalt, regionalt og nasjonalt nivå, og mellom offentlege og private interesser. Vi jobbar for ei god og berekraftig utvikling av reiselivet på Voss, og ei god utvikling for medlemsbedriftane våre.

 

Takk til alle medlemmar som stiller opp for fellesskapen på visningsturar, fellesarrangement, kampanjar og mykje meir.

 

Årsmeldinga gjev eit godt bilete på reiselivet på Voss, utviklinga i 2018 og kva vi jobbar med.

 

God lesnad!

 

Voss, juni 2019

Mona H Hellesnes

Dagleg leiar

 

 

 

1. Reiselivet i tal

 

1.1 Eit reisemål heile året og ein drivar for heile næringslivet på Voss

 

Dei siste 15 åra har det vore investert om lag 3 mrd i reiselivet på Voss. Dette er ei satsing som har gitt gode resultat for næringsliv, sysselsetting og aktivitet i heile regionen.

 

Og utviklinga held fram med stor kraft. Planlagde investeringar i reiselivet dei neste ti  åra berre i Voss Resort og i Myrkdalen fjellandsby er om lag 8 mrd nok.

 

Med ny gondolbane og nytt hotell i Voss sentrum i 2019/2020, den vidare satsinga i Myrkdalen på utvikling av aktivitetar heile året, saman med mange nye tilbod knytt til Voss gondol og Hangurstoppen restaurant vil bidra til at vi i enno sterkare grad blir eit attraktivt reisemål.

 

Handel pr innbyggar i 2018 auka med 0,7%  og var 98.881 kr. Det er 200 kr høgare pr innbyggar enn Bergen, og meir enn 14.000 over landsgjennomsnittet.

 

Slike tal viser at reiselivet er ikkje berre ein viktig sektor og mange arbeidsplassar, men og ein sterk drivar for omsetnad og vekst i handel og andre næringar.

 

Ski

Foto: Steinar Hustoft

 

 

1.2 Statistikk 2018

 

2018 vart litt ned etter toppåret 2017, i tal overnattingar. Samla reduksjon i kommersielle overnattingar var 12,6%, og enda på 299.316

 

Utviklinga i hotellovernattingar fordelt på årstid:

 

Periode

Sum gj.døgn

Endring frå 2017

Endring i %

Jan – april

48.300

- 5.910

-11%

Juni – august

100.141

- 12.096

-8,9%

Mai, sept - des

55.607

- 8.009

-14,4%

Totalt

204.048

- 26.015

-11,3%

 

 

Samla kommersielle overnattingar fordelt på årstid:

 

Periode

Sum gj.døgn

Endring frå 2017

Endring i %

Jan – april

71.778

-14.435

- 16,7%

Juni – august

158.006

-15.396

-12,2%

Mai, sept - des

69.532

-13.449

-16,2%

Totalt

299.316

-43.330

-12,6%

 

 

Dei største endringane på nasjonalitetar:

Voss har 50/50 – fordeling på nordmenn og utlendingar om ein ser samla på type overnatting, og heile året under eitt.

Det er likevel store variasjonar innan overnattingskategori og sesong.

Nordmenn dominerar vinteren, medan Kina er størst i sommarsesongen. Kina er og den viktigaste marknaden for hotell, medan Nederland er viktigast for hytter/camping.

Det er ei utvikling Voss har hatt dei siste åra, og som held seg. Det er noko nedgong i tal hotellovernattingar frå Nederland i 2018.

 

Tabell

 

Opphaldstida på hotella (statistikk for hytter og camping er ikkje tilgjengeleg) var for nordmenn 1,6 døgn, og om lag det same som året før. For utanlandske gjestar var den 1,4 døgn, det same som året før.

 

Estimert generert omsetnad frå overnattingsturistane var i 2018 473 mill kr, mot kr 519 mill i 2017. Omsetnad pr innbyggar utgjer kr 32.481.

 

Handel pr innbyggar i 2018 auka med 0,7%  og var 98.881 kr.

Det er 200 kr høgare pr innbyggar enn Bergen, og meir enn 14.000 over landsgjennomsnittet.

 

 

2. Styrande organ og leiing

 

2.1 Styret

Styret i Destinasjon Voss er sett saman av aktørar frå ulike delar av næringslivet. I generalforsamlingen 28. juni var tre av styremedlemmane på val. Alle tok attval og det var ingen endringar i styret.

 

Styresamansetnaden etter generalforsamlingen:

Anne Maria Langeland, styreleiar      Vangen Elektriske

Harald Haaland, styremedlem          Myrkdalen Fjellandsby

Øyvind Wæhle, styremedlem            Voss Resort

Bjørn Senderud, styremedlem            Fotograf Senderud

Nils Henrik Geitle, styremedlem          De historiske hotel og spisesteder

Anne Marie Oppheim, styremedlem Voss Amfi

 

Harald Haaland slutta i Myrkdalen fjellandsby hausten 2018, og Kaia Finne vart vald inn som nytt styremedlem for Harald Haaland på ein ekstraordinær generalforsamling 4. desember.

 

 

2.2 Tilsette

Destinasjon Voss har hatt 4 tilsette i størstedelen av 2018, der ein er tilsett på lærekontrakt og 3 er fast tilsett.

Lærling Leiah Nybø Ebbesvik tog fagbrev i august og avslutta lærekontrakten og tilsetjingsforholdet 31. august. Vi lukkast diverre ikkje i å få tak i ny lærling. Dei fire siste månadane var det tre tilsette i selskapet.

 

Stab:

Mona Haugland Hellesnes, dagleg leiar

Åse Hansen, avdelingsleiar turistinformasjonen

Sara Finne, marknadskoordinator

Leiah Nybø Ebbesvik, lærling (til 31. august)

 

Nora J. Bakketun, sesongtilsett i turistinformasjonen

Sara Garen, sesongtilsett i turistinformasjonen

Julie Rem Bergo, sesongtilsett i turistinformasjonen

 

 

2.3 Næringsrådet, styret

Styret i Næringsrådet er sett saman etter vedtektene for Næringsrådet, som alle med årleg marknadsbidrag er med i.

 

På årsmøtet 12. desember vart Liv Bergstrøm vald inn i styret som representant for overnattingsbedriftane.

 

Styret i Næringsrådet har følgjande samansetnad etter årsmøtet:

Nils Akselberg – Myrkdalen fjellandsby

Liv Holmstrøm - Voss vandrarheim

Brede Abbedissen – Voss Resort

Sandy Mathieson – Voss Camping

Stian Overå – Voss Vind

Erik Østlie – Vossatroll

Kjetil Kriken - Ekstremsportveko

 

 

3. Medlemsservice, eigarskap og samarbeid

 

3.1 Medlemsservice

God kommunikasjon ovanfor våre medlemmer er viktig. Oppdatert informasjon om kven som er medlem, finn ein på vår nettside www.visitvoss.no. I 2018 har vi jobba for å utvikla møteplassar og god, jamleg informasjon til medlemmane.

 

Medlemsaktivitetar:

 

  • Frukostmøte og årsmøte i Næringsrådet vart halde 12. desember. Frukostmøtet samla nær 30 medlemmar, og vil bli vidareført i 2019.  
  • Møteplassen «Last Tuesday» i regi av Destinasjon Voss og Næringshagen på Voss har vore vidareført i 2018, med aukande deltaking. Det er svært gledeleg at denne rekka av miniseminar kombinert med ein god møteplass for lokalt næringsliv. I 2018 blei det arrangert 8 seminar der me blant anna belyste tema som framtidas banktenester, etikk og berekraft i næringslivet, digital og trandisjonell marknadsføring, og utvikling av Voss som tettstad og handelssentrum.
  • Nyhendebrev vert sendt ut i slutten av kvar månad
  • Etablert eigen lukka Facebook-gruppe, Destinasjon Voss, der vi publiserer informasjon, nyhende, mediaklipp frå visningsturar, med meir.
  • Bli kjent-samling blei arrangert i juni hjå Skydive Voss. Fleire av våre medlemmer innan oppleving og aktivitetar fekk presentert sine produkt for frontpersonale. Bedrifter som fekk presentert seg var Voss Vind, Voss Active, Voss Fallskjermklubb, Wild Voss, Voss Resort, Myrkdalen Fjellandsby og Outdoor Norway
  • Innovasjon Norge sitt «Opplevingskurs» for aktivitetsbedrifter. Fokus på betre opplevingar og lønnsemd.
  • Reiselivskonferanse i Myrkdalen i oktober. Nærare omtale i kap 4, marknadsføring.
  • Jolehelsing til medlemmer gjennom film publisert i den lukka FB-gruppa for medlemmar, Destinasjon Voss.

 

3.2 Eigarskap og samarbeid

Destinasjon Voss arbeidar tett med andre selskap og organisasjonar, og gjer delar av arbeidet gjennom nokre av dei. Selskapet har ingen eigarpostar ut over ein aksje i interesseselskapet for veg/bane Arna – Voss, «Vossaløysinga AS».

 

Dei viktigaste samarbeidspartnarane ut over medlemsverksemdene lokalt, er:

 

FjordNorge – regionalt marknadsføringsselskap for dei fire vestlandsfylka med marknadsføring og profilering mot den internasjonale turistmarknaden. Er eigd av fylkeskommunar, destinasjonsselskap og private aktørar. Fasiliterar og NCE-prosjektet.

 

Innovasjon Norge reiseliv – nasjonalt organ eigd av staten med ansvar for den nasjonale reiselivsstrategien og operative marknadstiltak internasjonalt, og delvis nasjonalt.

 

Prosjekt Hordaland – Reiselivsnæringa i Hordaland har i 9 år hatt eit sterkt, felles samarbeid innan marknadsføring, produktutvikling og konseptutvikling gjennom Prosjekt Hordaland. Fellesstillinga Prosjektleiar Hordaland blir finansiert av Hordaland fylkeskommune innanfor den avtalte økonomiske ramma, og rammer for prosjektoppgåver som styringsgruppa legg til stillinga.

Styringsgruppa er samansett av destinasjonsselskapa i fylket:

Reisemål Hardangerfjord, Bergen Reiselivslag, Visit Sunnhordland og Destinasjon Voss.

Arbeidet skal ha fokus på nasjonal marknadsføring, regional utvikling, kompetanseheving, samhandling og oppgåver relatert til produktutvikling og marknadsføring.

Gruppa har ein særleg viktig funksjon i diskusjonar om vilkår og rammer for samarbeid og utvikling i reiselivet i det nye Vestland fylke.

 

Voss kommune – ein aktiv støttespelar for næringsutvikling og bidragsytar til profilerings- og vertskapsoppgåver innan reiseliv, med mellom anna årlege tilskot til drift av Turistinformasjonen og til marknadstiltak.

Dagleg leiar representerte reiselivet og Destinasjon Voss i kommunalt oppnemnde arbeidsgrupper og styringsgrupper:

-Ny områdeplan for Voss sentrum (sentrumsplanen)

-Ny sti- og løypeplan for Voss herad

 

Hordaland fylkeskommune – har ein eigen reiselivsstrategi og er ein aktiv støttespelar til ulike prosjekt innan marknadsføring, kompetanseheving og produktutvikling for aktørar i fylket.

 

 

3.3 Representasjon i andre styrer, komitéar og råd

Forum Reiseliv Hordaland – dagleg leiar

FjordNorge marknadsforum – dagleg leiar

Kontaktperson Indre Hordaland Opplæringskontor – Åse Hansen

 

Selskapet har medlemskap i NHO reiseliv og Reisegarantifondet.

 

 

4. Marknadsføring og sal

 

4.1 Marknadsarbeidet

 

Destinasjon Voss har eit godt samarbeid med Voss kommune og medlemsbedriftene om marknadsføring som styrker Voss som reisemål og ivaretar viktige fellesoppgåver som drift av nettside og turistinformasjon.

Dette skjer gjennom øyremerka marknadsmidlar, kr 650.000, frå Voss kommune og deler av det årlege marknadsbidraget frå medlemmane. Destinasjon Voss har kvart år har eit felles marknadsbudsjett på minst kr 1.3 mill til konkrete tiltak.  Utgangpunktet for det årlege budsjettet er oversikt over tiltak som vert finansiert gjennom drift.

Det vert utarbeidd ein marknadsplan for desse tiltaka som inkluderer mellom anna nettsida visitvoss.no og database som er knytt opp til fjordnorway.no og visitnorway.no

Gjennom Prosjekt Hordaland har vi og hatt fokus på marknadsføring og innhaldsproduksjon til digitale kanalar, og koordinering av felles aktivitetar innan MICE-marknaden (meetings, conferences, incentives and events).

 

 

4.2 Marknadsaktivitetar 2018

 

 

Tiltak:

Målgruppe:

FjordNorge produktmanual 2018/2019:

2 sider destinasjonsomtale, 2 sider opplisting av tilbod, opplisting aktivitetar på fellessider, to sider annonse for Voss

 

 

 

Turoperatørar

Nyhendebrev til turoperatørar, februar og mai

 

Turoperatørar

FjordNorge/IN temakampanje vandring:

Deltaking med konkrete vandreprodukt

Sluttkundar. Utvalde målgrupper i marknadene DE,NL,FR,UK, SE og DK

FjordNorge/IN temakampanje sykkel:

Deltaking med konkrete sykkelprodukt

Sluttkundar. Utvalde målgrupper i marknadene DE,NL,UK, SE og DK

Møte med DMC og byrå i Bergensområdet, «prosjekt Hordaland»

Norske og internasjonale bedriftskundar, Incentive-reiser, kk-arrangørar

Schibsted-kampanje mot sommarprodukt Voss, påsken:

Barnefamiliar i Hordland, Sogn og Fj,, Oslo/Akershus, Rogaland

«OsloVeko», samarbeid med Ekstremsportveko om arrangement i Oslo sentrum, 4. – 6. mai

Frilufts- og opplevingsinteresserte i Oslo-regionen

 

Schibsted-kampanje mot haustprodukt Voss, 15. aug-31.okt:

  1. Leiarar i offentlege og private verksemder (segment vaksne)
  2. Studentar (kan reise midt i veka)

Schibsted-kampanje mot vinterprodukt Voss, 26. nov – 8. des:

  1. Eldre m/u vaksne born
  2. Barnefamiliar
  3. Studentar

FB- kampanjer Norge heile året med presentasjon av medlemsbedriftene, produkt, etc:

Bergensregionen, Sogn og Rogaland

 

Voss Guide:

Opplag 47.000 fordelt på norsk, engelsk, tysk

Ferie- og fritidsgjestar som alt er komme til FjordNorge-regionen (Distribusjon til turistkontor i Bergen, Haugesund, Hardanger, Sogn)

 

Tiltak knytt til infrastruktur, profilering og utviklingstiltak:

www.visitvoss.no og synlegheit på fjordnorway.com/no, og visitnorway.com:

Nye nettsider og database frå feb 2016 etter nasjonal struktur, som og gjev synlegheit i fleire nivå regionalt og nasjonalt.

Drift av digitale media, inkl SoMe:

Drift av Visitvoss.no, og FB og Instagram.

 

Leige av brosjyreplass og digital skjerm på Turistinformasjonen i Bergen

NCE Tourism:

Deltaking i pilotprosjekt nye marknader, nye konsept, kompetanse, mm

Visningsturar for media og turoperatørar:   

Tilrettelegging, koordinering, gjennomføring av visningsturar etter førespurnad frå FjordNorge og andre samarbeidspartar. Planlegging, koordinering og gjennomføring av eigne visningsturar. Oppfølging.

Arena/location for filmselskap:        

Oppfølging av førespurnader frå ulike produsentar, fotografar, film- og tv-selskap om opptak på Voss og i regionen.

 

 

4.3 Visnings- og presseturar

 

Koordinering av presse- og visningsturar er ein viktig del av marknadsarbeidet vårt. Førespurnader kjem via Fjord Norge og Innovasjon Norge gjennom heile året, i tillegg til nokre direkte frå operatør. Vår, sommar og haust er Voss oftast ein av fleire destinasjonar på regionale visningsturar, medan det er ski på Voss som er hovudmålet for dei som kjem i vintersesongen.

I løpet av 2018 gjennomførte me fire visningsturar. Turane er i fyrste ledd organisert av Innovasjon Norge eller FjordNorge. Me organiserer aktiviteter og overnatting til dei her på Voss, i tillegg til å møta dei og visa dei rundt i bygda.

 

Visningsturane:

  • 14. - 17. februar: Besøk frå dei nederlandske reisebloggarane «Reisbijbel» - Fleur og Joep som bloggar om å reisa jorda rundt i lag med borna sine. Familien på fire budde i Voss Resort og sto på ski her. Dei testa også vindtunnelen og hadde middag på Store Ringheim. Dei skreiv om Voss som reisemål på bloggen sin, i tillegg til at dei brukte Instagram aktivt under opphaldet.​​​​​​​

Eitt av deira blogginnlegg frå turen: https://www.reisbijbel.nl/reportages/skien-in-voss-wintersport-in-de-noorse-fjorden/

 

  • 18. - 20. april: Me bisto Myrkdalen med ein visningstur for kinesiske turoperatørar og kinesisk presse. Reisefylgjet var mellom anna på ski, og testa fjordcruise på Nærøyfjorden. Dei budde på Myrkdalen Hotel.
     

Visningstur

 

 

  • 15. – 16. august: I midten av august fekk me besøk av den tyske journalisten Lars Wennersheide, som kom til Voss saman med kona Anka og dottera Tessa (8). Familien har køyrd motorsykkel over heile verda, og Lars lever av å skriva for det tyske motorsykkelmagasinet Tourenfahrer. 

    Denne gongen var Lars i Noreg for å skriva om Discovery Route, den historiske turistruta mellom Stavanger og Bergen.

    Familien budde på Voss Resort, og var innom Voss Folkemuseum der museumssjef Eirik Helleve gav dei ein flott omvising.

 

Visningstur

 

 

  • 22. – 24: august: Berre nokre veker seinare fekk me besøk av kjærasteparet Biggi og Flo frå bloggen phototravellers.de! Biggi og Flo kom med den nye Widerøe-ruta frå München til Bergen, og la ut innhald på eigne Instagram-kontoar og kontoen til Münich flyplass. 
     

Biggi og Flo hadde to fantastiske dagar her på Voss der dei budde i Voss Resort, var på SUP-elvetur med Outdoor Norway, testa vindtunnelen og rafta med Voss Active. Dei skreiv fleire artiklar på bloggen sin, i tillegg til å laga videoar til sin Youtube-kanal.

Eit blogginnlegg frå opphaldet: https://phototravellers.de/voss-was-machen-bei-regen/

Youtube-video frå då dei vitja vindtunellen: https://www.youtube.com/watch?v=TkmgYkC6e7s

 

Visningstur

 

 

4.4 Bistand presse og tv-produksjon

 

I løpet av eitt år får me alltid fleire førespurnader om me kan hjelpa journalistar som skal laga artiklar eller TV-innslag her frå Voss. Og det seier me sjølvsagt alltid ja til!
 

  • 22. mars vart me kontakta av den tyske journalisten Nicolas Vetter frå avisa Bild am Sonntag, som ville laga ei sak om medaljebygda Voss. Me tok han med opp i Voss ski- og tursenter, der me sette han i kontakt med Gro Marit Istad Kristiansen som stilte på intervju. Me organiserte også intervju med ordførar Hans-Erik Ringkjøb.

 

Resultatet kan du sjå her: https://www.bild.de/video/clip/wintersport/norwegens-gold-geheimnis-bams-55248176.bild.html?wtmc=fb.shr

 

  • I september vart me kontakta av GodMorgen Norge, som ynskte å ha fleire live-innslag frå Voss i løpet av ein morgonsending. Me laga til eit opplegg for dei, og i løpet av sendinga fekk fleire av våre medlemsbedrifter vist seg fram for det norske folk. Fyrst ut i elden var Jorunn og Svein Ringheim på Store Ringheim, så tok Stian Overå over stafettpinnen på Voss Vind - før Marcio Franco avslutta på den siste livesendinga frå teltet til Outdoor Norway. Ordførar Hans-Erik Ringkjøb stilte også opp for å snakka om den nye gondolen. Dette vart veldig god reklame for vossebygda!

 

  • I november vart me kontakta av matlagingsprogrammet «Munter mat» som går på danske DR TV. Dei var på jakt etter nokre gode lefsebakarar på Voss, og me kontakta dei lokale ekspertane Maria Møen og Brita Knapstad. Dei stilte velvillig opp, og viste fram bakstetradisjonar frå Voss på ein ypperleg måte! Programmet vart sendt på dansk TV i april.

 

4.6 Felleskampanje med medlemsbedriftene

 

I løpet av 2018 køyrde me tre ulike kampanjar med Schibsted og dei største medlemsbedriftene våre. Målet var felles marknadsføring av Voss som reisemål, både på print og på digitale flater gjennom Schibsted sine kanalar.
 

  • Sommarkampanje: 26. mars til 2. april
    Mål: Bookingar for heile sommaren
    Målgruppe: Barnefamiliar

     
  • Haustkampanje: 15. august – 31. oktober
    Mål: Bookingar i vekedagar
    Målgruppe: Leiarar i bedrifter, studentar

     
  • Vinterkampanje: 26. nov – 12. desember
    Mål: Bookingar vinter, både vekedagar og helg
    Målgruppe: Studentar, etablerte vaksne, barnefamiliar

 

Desse medlemsbedriftene var med på felleskampanjene: Voss Resort, Myrkdalen Fjellandsby, VossVind, Store Ringheim Hotel & Restaurant, Voss Active, Voss Vandrarheim, Ekstremsportveko.

 

 

Kampanje

 

 

4.7 Vintermagasinet «VossaPuls»

 

I haust lagde me vintermagasinet «VossaPuls» i lag med Cox kommunikasjonsbyrå i Bergen. Destinasjon Voss, Myrkdalen og Voss Resort var partnarar i magasinet, som fortel om alt du kan oppleva på Voss i løpet av vinteren, i tillegg til mange spennande artiklar.

Magasinet vart distribuert ut i Bergen og på Voss.

 

Sjå magasinet digitalt her: https://issuu.com/coxbox/docs/vossvinter_inmat_web5?e=10725977%2F65890548&fbclid=IwAR3pMfxJJ8WrNpoWTbE4NH7oU-tqnHu2ZRcJUSqbSiCHwevm6MmhmLMbg-E

 

 

4.8 OsloVeko

 

Den 4. - 6. mai gjekk Osloveko av stabelen i hovudstaden for aller fyrste gong. Her fekk folk oppleva ein smakebit av Ekstremsportveko med både både basehopping frå kran, fallskjermhopping, BMX-sykling, paragliding, og "lokst utøve"-konkurranse.

 

Sara og Hildegunn (tidlegare sommarvikar i turistinforasjonen) sto på stand for Destinasjon Voss både laurdag og sundag, i lag med fleire andre vossabedriftar. Me viste fram vossabunadene, delte ut smalahovesmaksprøvar, og hadde vossaquiz med fallskjermhopp i premie. 

Sjølv om det var noko varmt å stå i bunad i solsteiken (for vêret var verkeleg upåklageleg), vart dette ein utruleg kjekk oppleving som me er veldig glade for at me vart med på! Me fekk spreidd masse god vossareklame - både til nordmenn og til utanlandske turistar.

 

OsloVeko

 

 

4.9 Digitale media

 

4.9.1 Nettsida vår visitvoss.no

 

Nettsida fungerer som ein god informasjons- og inspirasjonskanal både i inn- og utland. Produktdatabasen vår er kobla direkte til FjordNorway og Visit Norway sine nettsider.

Det er kun medlemsbedrifter som er synlege på nettsida vår, både når det gjeld overnatting, mat og drikke, handel eller opplevingar.

 

Nøkkeltal og nøkkelinformasjon frå nettsida vår frå heile 2018:

 

 

Statistikk visitvoss.no

 

 

4.9.2 Sosiale media

 

Destinasjon Voss fortsette i 2018 å synleggjera reisemålet Voss gjennom Facebook-sida vår Visit Voss og Instagram-kontoen vår @visitvoss. Facebook-sida rettar seg mot den norske marknaden, då me ser at me får mykje lokalt engasjement på postane våre her.

 

Denne sida har som mål å skapa reiselyst, inspirera, og ikkje minst synleggjera medlemsbedriftene vår. Dette gjer me både gjennom å fortelja om produkta til medlemsbedriftene våre gjennom tekst, bilete og video, og å fortelja om arrangement i bygda som medlemsbedriftene våre står bak. Me postar også videoar og bilete frå til dømes turar og naturopplevingar på Voss. Inne på Facebook-sida Visit Voss skal du verta inspirert og kunna halda deg oppdatert på alt som skjer i vossebygda. Og ikkje minst - få lyst til å koma hit for å oppleva det!

Den lukka Facebook-gruppa «Destinasjon Voss» fungerar som ein portal der alle medlemmer kan dele informasjon med kvarandre, og me brukar denne for å gje viktig informasjon til medlemsbedriftene våre.

Instagram-kontoen vår rettar seg mot den utanlandske marknaden, og er ein «inspirasjonskonto» i større grad enn sida vår på Facebook. Her skal fylgjarane våre kunna drøyma seg vekk i vakre og ville bilete frå Voss. Me varierer mellom å posta bilete me har teke sjølv og «re-posta» bilete til andre Instagram-brukarar.

 

I løpet av 2018 hadde me god vekst i tal fylgjarar både på Facebook-sida vår og Instagram-kontoen vår:
 

  • Likarklikk visitvoss Facebook-side januar 2018: 7922
  • Likarklikk visitvoss Facebook-side desember 2018: 8821
     
  • Fylgjartal visitvoss Instagram-konto januar 2018: 1926
  • Fylgjartal visitvoss Instagram-konto desember 2018: 2565

 

Aktivitetar og kampanjar på sosiale media i 2018:

  • Januar/februar: Kampanje på Facebook for å få fleire Instagram-fylgjarar. Me lodda ut eit gåvekort til VossVind mellom alle nye fylgjarar.
  • Februar: Me starta kampanjen «Vossanøtt», der me la ut eit hemmeleg bilete frå ein ny medlemsbedrift kvar veke, og der folk måtte gjetta kvar biletet var teke. Me lodda ut premiar frå den enkelte medlemsbedrift.
  • Mai/juni: Kampanje på Facebook med Skydive Voss for å få fleire Instagramfylgjarar. Me lodda ut eit fallskjermhopp mellom alle nye fylgjarar.
  • Juli: Kampanje på Facebook for å visa fram aktivitetar i Turistinformasjonen.
  • Juli/august: Badeguiden. Me reiste rundt på heile Voss og fann dei beste badeplassane. Presenterte dei ulike plassane med både bilete, tekst og video.

 

Badeguiden

 

 

5. Kurs og konferanse

 

5.1 Opplevingskurset med Innovasjon Norge

 

I oktober hjalp me til med organiseringa av «Opplevelseskurset», som vart halde av Høve Støtt AS i samarbeid med Innovasjon Norge. Me hadde ansvar for å få med medlemsbedriftene våre på dette, og det vart til slutt fullt kurs med 13 deltakarar. Kurset fann stad på Myrkdalen Hotel, og her fekk deltakarane læra meir om både opplevingsturisme og berekraft. Kva er eigentleg ei oppleving? Og korleis kan ein tilby ei oppleving for gjestene sine – og ikkje berre eitt produkt?

 

Opplevingskurset

 

 

5.2 Reiselivskonferansen i Myrkdalen

 

Den 7. – 8 november arrangerte me reiselivskonferanse i lag med Myrkdalen på Myrkdalen Hotel. Kring 50 personar frå reiselivet på Voss, i Bergen, i Sogn og i Hardanger deltok, og det vart to inspirerande og lærerike dagar.

Temaet for konferansen: Korleis bli best når teknologien endrar alt?

 

Desse heldt føredrag:

  • Ordførar Hans-Erik Ringkjøb: «Voss herad – kva har det å seia for reiselivet?»
  • Mona Haugland Hellesnes, Destinasjon Voss: «Samarbeid = suksess?»
  • Ingrid Solberg Sætre, Mimir: «Voss som berekraftig reisemål»
  • Kari Sæther Nilse, Stiftinga Miljøfyrtårn: «Korleis få orden i eige hus?»
  • Torgils Bryn, Advokatfirmaet Magnus Legal AS: «Korleis tenkja stort med redusert risiko?»
  • Trygve Sunde Kolderup, Hvitserk: «Kvifor satsar Hvitserk på opplevingsturisme i Noreg?»
  • Linda Merethe Ramberg, Serviceløftet-programmet: «Korleis bli best i klassen på kundeopplevingar?»
  • Bodil Tveitan, USUS: «Digitalisering i reiselivet, kva pratar me eigentleg om?»
  • Tina Kjærland, Hardanger Fartøyvernsenter: Frå 5-130.000 fylgjarar på Facebook på to år»
  • Kristian Jørgensen, Fjord Norge: «Go Viking in the fjords – kvifor og korleis?»
  • Kaia Finne, Myrkdalen fjellandsby, «Sykkelbygda Voss og sykkelsatsinga i Myrkdalen»
     

Reiselivskonferansen

 

 

 

6. Prosjekt

 

​​​​​​​6.1 Prosjekt «Sykkelbygda Voss»

Hausten 2018 fekk vi tildelt kr 140.000 frå Hordaland fylkeskommune i forprosjektmidlar til utvikling av ein plan for heilskapeleg utvikling av Voss som sykkeldestinasjon. Prosjektet såg på dei ulike sykkelsatsingane som var under planlegging i vossebygda, og kva som manglar av fellesfunksjonar for å bli ein god sykkeldestinasjon. Prosjektet vart avslutta hausten 2018, og fleire delprosjekt blir vidareført hos einskildaktørar. Prosjektrapporten er og grunnlaget for utvikling av fellestenester for Voss som sykkeldestinasjon.

 

​​​​​​​6.2 Prosjekt «Merket for berekraftig reisemålsutvikling»

Hausten 2018 fekk vi tildelt finansiering for fase ein av Innovasjon Norge si sertifiseringsordning for «Merket for berekraftig reisemålsutvikling». Prosjektleiar vart tilsett i 50%, med start i januar 2019. Oppstart på prosjektet tok vi i samband med konferansen vår i Myrkdalen i november, der fleire av innlegga handla om berekraftig reisemålsutvikling.

Fase ein i prosjektet skal gå fram til sommaren 2019, og søknad om fase to blir sendt då, med mål om oppstart september 2019.

 

 

7. Turistinformasjonen

 

Turistinformasjonen på Voss er vertskap for besøkande og tilreisande, og har ein sentral plassering i sentrum. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak å formidla informasjon om regionen i turistinformasjonen eller på telefon og e-post, og booking av aktivitetar, rundturar og andre opplevingar.

 

Turistinformasjonen er heilårsopent. Informasjonsskilt med grøn botn er synleg på bygninga, og me driv i samsvar med krava som gjeld for Autorisasjon klasse 1.

 

Voss Turistinformasjon

 

 

7.1 Besøkstal

 

Turistinformasjonen får besøk av gjester heile året sidan me er heilårsopent, men har det klart største volumet av besøkande i sommarmånadane. Totalt besøkande innom turistinformasjonen frå 01. juni til 31. august 2018 var på heile 19.398. Dette er ein auking på 1000 stk. samanlikna med same periode i 2017. Denne veksten kom i juni månad, mens besøkstalet for juli og august var omtrent det same som fjoråret.

 

Samanlikna med tidlegare år, så merkar me også at skuldersesongane strekker seg stadig. Våren startar tidlegare og hausten varer lengre. Allereie i slutten av mai mot tidlegare år frå ca. midten av juni, så hadde me turistar som var i gang med ferien sin. Ei ny pulje med turistar gjorde sitt inntog i september.

 

7.2 Sal og informasjon

 

Tilsette i turistinformasjonen har fokus på å gje salsorientert informasjon. Dette er spesielt viktig sidan me sel produkt på vegne av fleire av våre medlemmer.

 

Brosjyrar og anna trykka materiale frå våre medlemmer er tilgjengeleg i turistinformasjonen, i tillegg til ein skjerm som har rullerande informasjon i form av tekst, bilete og video. I 2018 vidareførte me konseptet med sommarprogrammet i form av «Voss this week». Dette er ein oversikt som viser hendingar/aktivetatar 1 veke framover i tid, tilgjengeleg både skriftleg og på skjerm.

 

Til tross for auka besøk frå turistar til Voss, så har ikkje det gjeve ein auke i den totale omsetninga hjå turistinformasjonen. Dei fleste som besøker oss ønskjer gratis informasjon, og i andre rekkje kjem kjøp av varer, aktivitetar og opplevingar.

 

Total sal av aktivitetar viste ein oppgang i forhold til 2017. Veret spelte veldig på lag med oss, og me hadde blant anna nesten ein dobling av provisjonsinntektene når det gjeld sykkelutleige.

 

TOPP 10 SAL for perioden 1. juni – 31. august 2018, aktivitetar og varer:

 

 

1. Utleige Hybrid Sykkel 3 timar

2. Utleige Hybrid Sykkel 1 dag

3. Turkart

4. Herre T-skjorte

5. Dame T-skjorte

6. Vossasekk

7. Norgesserien Kart

8. Postkort

9. Rafting

10. Frimerke

 

 

Av aktivitetar, så har me høgast omsetning når det gjeld utleige av syklar, både 3 timar leige og full dag. Merk at dei populære nøtteskal turane til Fjord Tours var heller ikkje tilgjengeleg for sal frå oss i år heller. Fjord Tours valde å selje sine pakkeløysingar gjennom suvenirbutikken på stasjonen.

 

Dei varene frå butikkdelen som hadde høgast omsetning var turkart og t-skjorter herre.

 

 

7.3 Informasjonsmedarbeidaren

 

Medarbeidaren spelar framleis ei viktig rolle i turistinformasjonen. Sjølv om me har guidar, brosjyrar og anna informasjon tilgjengeleg, så vil turisten ha hjelp av oss i planlegginga. Kundane vil ofte at me skal dele vår personlege erfaring. Ein merkar godt at det er mange som besøker oss som er lite forberedt, til dømes når dei skal på tur i fjellet. Turistane har dårleg forståing av avstand, påkledning og på kor mykje dei kan rekke over på ein eller to dagar. Informasjonsmedarbeidaren er også til god nytte når turistane har gjort dårleg eller feil planlegging.

 

 

7.4 Trykt materiale

 

Behovet for skriftleg materiale er tydleg enno. I turistinformasjonen er det hyller med brosjyrar og anna trykt materiale som er viktig både for turistane og for dei tilsette. Me brukar dette materiale når me er i interaksjon med kundane. Spesielt viktig er vår eigen produksjon; Voss Guide. Den konkretiserer moglegheitene i papirform, og tematiseringa gjer den oversiktleg og samlande.

 

 

7.5 Tilgjenge

 

Turistinformasjonen er heilårsopent, med utvida opningstider i sommarmånadane. I år gjorde me ein stor endring med utvida opningstider allereie frå mai månad, mot juni tidlegare. Me såg behovet for å vere endå meir tilgjengeleg tidlegare i sesongen. I tillegg heldt me ope 1 time lenger om kveldane.

 

Opningstider 2018:

Måndag til laurdag 09.00 -19.00 og sundag 10.00 – 18.00. Me forsterka også i år bemanninga i «peak perioden» på dagen frå juli månad til ut august.

 

I år var me også behjelpeleg med å formidle ledig overnattingskapasitet. Kvar måndag sendte vår medlemmer oversikt til oss over belegget i veka framover. På denne måten kunne me raskt fortelja om ønska overnattingsplass var ledig eller ikkje.

 

 

7.6 Økonomi i turistinformasjonen

Destinasjon Voss driv turistinformasjonen for Voss kommune. Me får eit årleg tilskot frå kommunen og skal drive turistinformasjonen i samsvar med Autorisasjonsklasse 1(I – skilt med grøn botn), etter dei krav som til ein kvar tid ligg i godkjenningsordninga frå NHO reiseliv.

 

For å kunne drive turistinformasjonen, så er me også avhengig av å få inn kommisjonsinntekter. Me har tilgjengeleg fleire produkt frå våre medlemmer, og me prøver å gje informasjon som fører fram til kjøp av desse produkta. Me merkar sjølvsagt at fleire kundar bestiller online, men likevel så sel me over skranke i og med at me kan tilby meir utfyllande informasjon.

 

 

7.7 Personale

For 2018 hadde turistinformasjonen 1 fast stilling på årsbasis (avdelingsleiar), og ein fast stilling for lærling ut august. For sommarsesongen blei det tilsett 3 sesongarbeidarar, i tillegg til at vår marknadskoordinator jobba vakter i turistinformasjonen.

 

Våre tre sommarvikarar fekk mellom anna testa ut River Canoe & Raft gjennom Outdoor Norway. Verkeleg nokre tøffe jenter som her er i aksjon i elva.

 

Rafting

 

 

 

8. Medlemmer

 

Våre medlemmer betalar inn eit marknadsbidrag kvart år, og storleiken på bidraget blir rekna ut ifrå netto omsetning hjå den enkelte aktør. Minstesats for reiselivsbedrifter er på kr 5000,- per år og kr 2500,- per år for andre verksemder.

 

Status medlemmer per 31.12. 2018: 129 medlemmer. Me fekk 6 nye medlemmer i 2018, samstundes som 9 medlemmer meldte seg ut.

 

Nye medlemmer 2018:

Finse1222

Interessegruppa for Hedleberget

Lindas Miljøvarer og Helsekost/Sunkost Voss

Voss Lodge

Voss Utferdslag

Vossevangen Bodega

 

Utmelding 2018:

Exclusive Scandinavia (hadde 2 selskap, meldte ut 1)

Granli Gard (ingen betalingsvilje)

Nordic Ventures (ønska ikkje å vere med vidare)

Norway Active (ønska ikkje vere med vidare)

OL Tvilde (ingen betalingsvilje)

Plei (konkurs)

Siv. Ark Mnal Ingebrigt Nesheim (pensjonist)

Tre Brør Cafe (konkurs)

Voss Fellesbryggeri (konkurs)

 

Oversikten over medlemmer viser ei stor breidde og god oppslutnad om Destinasjon Voss, på tvers av bransjar.

 

 

8.1 Medlemmer 2018: (per 31.12.2018)

Accountor

Active Brands

Active Brands Butikkdrift

Advokat Heine Tvilde

Alf Opheim Optikk

Amfi Bygg Voss

Avisa Hordaland

Azets Insight

Bike the Fjords

Blomstertorget

Biltunet Voss

Bonsaksen Trafikkskule

Bruket Arkitektur

Capilli Frisør

Dyrdal Mat

Dyrdal Sko

Eenstunet

Eiendomsmegler Vest Voss

Ekstremsportveko

Encon

Finse 1222

Flatlandsmo Camping

Fotograf Senderud

Garn Senter

Gudvangen Vikingby

Haaland EuroSko Voss

Haugen Fjellgard

Haugo Utleige

Hemre Bygg

HMV Voss

Hordaland Bioenergi

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Interessegruppa Hedleberget

Jernia Rokne

Jæger Automobil

Kayak Voss

Kringsjå

Kveik

Lilandtunet Gjestgiveri

Lindas Miljøvarer og Helsekost/Sunkost Voss

Logolink

Martin Tvilde

Mjølfjell Ungdomsherberge

Myrkdalen Camping

Myrkdalen Fjellheisar

Myrkdalen Hotel

Myrkdalen Skiskule

Møen & Saue

Mølster Installasjon

Nav Voss

Norbits

Norske Husdyr

Næringshagen Voss

OL Kythe

Organic Soup Company

Osafestivalen

Outdoor Norway

Proaktiv Voss Eiendomsmegling

Rokne Invest

Rongahuset BnB & Cafe

Rosenvoss

RSM Hasner Kjelstrup & Wiggen

Siv. Ark Mnal Sigbjørn Dugstad

S. Endeve Sport

Sandvik Guideservice

Seimen

SHU Vossa Fjedl

Sivle Gard

Smalahovetunet

Sparebanken Vest

Stabburet Bakeri

Stiftelsen Sosialbygget

Stocker Jabadabadoo

Store Ringheim Hotell & Restaurant

Styve Møbelsnikkeri

Sunkost Vossasenteret

Sylvsmidja Sylvvareverkstad

Synssenteret Voss

Tebe Interiør

Teron

Tindeguide

Toves Muskelterapi

Tryg salgsenter/Voss Forsikring

Tunge ting

Vangen Elektriske

Vestlandshus Voss

Voss Active

Voss Bokhandel

Voss Bryggeri

Voss Byggsenter

Voss Camping

Voss Energi

Voss Fallskjermklubb

Voss Folkehøgskule

Voss folkemuseum

Voss Gardsslakteri

Voss Golfbaner

Voss Hang- og Paragliderklubb

Voss Hud og Helseklinikk

Voss Kommunikasjon

Voss Lavpris

Voss Lodge

Voss Lyd

Voss Møbel og Trevareverkstad

Voss Prenteverk

Voss Resort Bavallstunet

Voss Resort Fjellheisar

Voss Resort Skiskule-Skiutleige

Voss Sentrum

Voss Ski & Surf/Vossapadling

Voss ski- og tursenter

Voss Sparebank

Voss Utferdslag

Voss Vandrarheim

Voss Veksel- og Landmandsbank

Voss vidaregåande skule - reiseliv

Voss Vind Drift

Vossa Bakst

Vossa Cruice

Vossa Jazz

Vossabia

Vossafjell

Vossakjøt

Vossakringlo

Vossatakst

Vossatroll

Vossevangen Bodega

Vått & Vilt

Wild Voss

 

 

 

​​​​​​​