voss skulptur

Om Voss

Voss er aktivitetsbygda framfor nokon. Over mange år har reiselivsaktørane jobba målretta for å kunne tilby gjester eit utval aktivitetar og opplevingar. Voss er kjent av mange grunnar og vert gjerne hugsa som vinterdestinasjonen, medaljebygda og ekstremsportsbygda, for vår vakre natur og unike kultur og til sist, men ikkje minst, vår skikkeleg gode og tradisjonsrike lokalmat.

Er du klar for nye eventyr?

‭Bygda vår, som ligg i hjartet av Fjord-Noreg, er full av ekstreme kontrastar. Hjå oss finn du mengder av aktivitetar og opplevingar for ein minnerik ferie - enten du er ung eller gamal, reiser åleine eller saman med andre, likar fart og spenning eller ro og avslapping. Uansett om det er natur, kultur eller sport som ligg ditt hjarta nærast, lovar me å få det til å pumpa. 

Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda - og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping og paragliding til rafting i trygge omgjevnader. Om vinteren vert Voss forvandla til eit vintereldorado der du kan boltra deg i to ulike skianlegg, kilometervis med langrennsløyper eller i den flotte fjellheimen vår. 

Når aktivitetsdagen er over kan du nyta tradisjonsrik matkultur på ein av våre restaurantar, og sova godt i alt frå hengekøyer til hytter og hotell. 

‭Velkomen til aktivitetsbygda Voss!

Den store Vossaguiden

Aldri vore på Voss? Då er dette ein god plass å begynne, her finn du alt om bygda.

utsikt over voss, med voss gondol

Voss - eit berekraftig reisemål

Innovasjon Norge har tildelt Voss Merket for berekraftig reisemål

Tog igjennom grøne jorder på veg til voss om våren

 

Mat og drikke

Ei oversikt over restauranter og kaféar i bygda. 

Store ringheim kjøkken, steinbit hovudrett

Voss - eit reisemål for alle

Aktivitetane og naturen skal vera tilgjengeleg for alle, uansett funksjonsevne.  

Tandem kajakking på voss

Reise og parkering

Praktisk info om å reise til og på Voss og parkering i bygda. 

Bussterminalen på Voss

Handel

I sentrum finn du alt du treng!

Voss sentrum om sommaren

 

Vossavet

Ein liten guide til dei som ferdast i naturen på Voss og nokre hensyn ein bør vite om. Vi håpar å vera ein berekraftig destinasjon som turistar kan nye i mange år!

vossavet

Voss - ei mangfaldig bygd

Voss er ei spennande bygd som har utvikla seg mykje. Kultur og identitet står sterkt i bygda. Les meir om historia til Voss her

Vangen i 1874