Flåmsbana slyngar seg gjennom ein djup dal kledd i grønne, bratte bakkar. I bunnen av dalen renn ei elv.
Voss

Basic tour, Norway Active, Voss

Den perfekte rundturen for deg som ønskjer å oppleva det beste av fjord og fjell på Vestlandet. Turen kombinerer tog, fjordsafari og spektakulær natur i eit av dei vakraste områda i Noreg.

Ruta: Voss - Myrdal - Flåm - Gudvangen - Voss
Via: Bergensbana + Flåmsbana + Fjord Safari

På denne turen reiser du gjennom dramatisk vestlandsnatur med Bergensbana og Flåmsbana, før du blir med på ein fjordsafari på UNESCO-verna Nærøyfjorden. Undervegs kjem du tett på fjell, fossefall og små bygder langs fjorden.

Dette er ei oppleving som passar for både eventyrlystne reisande, par, familiar og venegjengar som ønskjer å oppleva mykje på éin dag, utan å måtte planleggja alt sjølv.

Turen inkluderer:
Bergensbana
Flåmsbana
Fjordsafari på Nærøyfjorden
Buss gjennom vakre Nærøydalen

Turen går dagleg i sesong og må bookast på førehand.

Kontaktinformasjon

Produktegenskaper

  • Sommer
  • Vår
  • Høst

Map