Bordalsgjelet på Voss
© Svein Ulvund

Bordalsgjelet

Frå Voss sentrum følgjer du grusvegen langs Vangsvatnet innover i Prestegardsmoen. I enden av Prestegardsmoen kryssar du brua over elva Vosso. Etter brua går du til høgre, langs elva og følgjer skiltinga mot Bordalsgjelet.

Bordalsgjelet er ein spektakulær naturattraksjon i gangavstand frå sentrum. Det djupe og dramatiske Bordalsgjelet er tilrettelagt for publikum med informasjonstavle, utsiktspunkt og benker. Når det ikkje er snø og is er det òg ein tilrettelagt sti du kan følgje innover gjelet. Her får du god utsikt til dei fantastiske jettegrytene som is og elva har forma gjennom årtusen, men hugs, for di eiga sikkerheit: hald deg til dei merka stiane!

Lengd: 5 km og 1t 30min tur/retur Voss sentrum
Stigning: 50 m
Sesong: Mai - november
Vanskeligheitsgrad: Grøn (lett)
Startpunkt: Voss sentrum / Prestegardsmoen
Turkart referanse: Brosjyre/turkart er å få kjøpt på turistinformasjonen i Voss sentrum.
Merknader: Følg den tilrettelagte stien innover juvet, prøv ikkje å klatre over gjerda!

Til fots, 45 min: Frå Voss sentrum følgjer du grusvegen langs Vangsvatnet innover i Prestegardsmoen. I enden av Prestegardsmoen kryssar du brua over elva Vosso. Etter brua går du til høgre, langs elva og følgjer skiltinga mot Bordalsgjelet. Når du kjem opp bakken, tar du til venstre og deretter kjem du på gangveg. Gå vidare til du ser parkeringsplass og informasjonstavle på venstre side. Gå opp til venstre og gjennom grinda, følg stien inn til gjelet.  

Med bil, 10 min: Følg Uttrågata og deretter Gjernesvegen frå Voss sentrum. Parker på parkeringsplass med informasjonstavle på venstre side av vegen.
 

Tags
vandring